Oppretter bachelor i folkedans

To personer dansar i eit klasserom. Foto
DANS: I 2024 er det sett av 1,1 millionar kroner til den nye utdanninga. (Foto: USN)

Frå hausten 2024 kan de første ti studentane gå laus på ein bachelorgrad i folkedans på campus Rauland.

keyboard_backspace Søk bachelor i folkedans her

Tysdag 5. september kom to store statsbudsjettlekkasjer som inneber at USN har fått gjennomslag for to av forslaga til satsingar utanfor ramma, som universitetsstyret vedtok å sende til regjeringa i fjor haust.

  1. Oppretting av campus Hallingdal hausten 2024 med førebels 60 studieplassar innan grunnskolelærerutdannelse, IT og informasjonsvitenskap, og innovasjon og entreprenørskap. Les meir om denne saka her.
  2. Oppretting av bachelorstudium i folkedans på USN campus Rauland hausten 2024 med førebels ti studieplassar. 

– Viktig kulturarv

– Folkedansen er ein viktig del av kulturarv i Noreg, som vi må verne om, bruke og forvalte til beste for folket. Derfor opprettar regjeringa ti studieplassar i folkedans på Universitetet i Søraust-Noreg i Rauland, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch frå Senterpartiet, ifølgje NPK/NTB.

I 2024 er det sett av 1,1 millionar kroner til utdanninga. Når studiet er heilt utbygd i 2027, vil utdanninga få 6,6 millionar kroner.

–  Utøvande folkedans blir eit viktig supplement til våre studietilbod innan tradisjonskunst og folkemusikk. Det er ingen høgare utdanningsinstitusjonar som utdannar kunstnarar i folkedans i Noreg i dag. Eit samla norsk folkedansmiljø med utøverorganisasjonar, kompani og folkedansforskingsmiljøet i spissen, har støtta opprettinga av dette studieprogrammet for utøvande folkedans ved USN, seier rektor Petter Aasen.

For blivande utøvarar, pedagogar og forskarar

Utdanninga vil ta høgde for at studentane kan satse på å bli utøvar, men og å ta emne ein treng for å utvikle seg som pedagog eller forskar.

– Dette er ei glede for feltet som no kan få naudsynt kompetanse for å drive kulturbasert næring innan folkedans, samt sikre vidare forsking og opplæring innan folkedans, seier Stian Roland, leier av Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland (USN), som har nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning innan tradisjonskunst, folkemusikk og folkekunst.

Han gler seg til å ta fatt på arbeidet med planane for hausten.

Folkedans-studiet vil utløyse eit potensial i kunstnerisk aktivitet og undervisingskrefter tilsvarande utviklinga vi såg i marknaden  då folkemusikken fikk formelle utdanningsløp, seier Roland.

Brei støtte

Eit samla folkedansmiljø i Noreg med utøvarorganisasjonar, kompani og folkedansforskingsmiljøet i spissen, har lenge ønskt seg at det blir eit studieprogram oppretta for utøvande folkedans her i landet, og støttar at det blir lagt til Rauland.

Planane for studiet er utarbeida av førsteamanuensis Unni Boksasp og instituttleiar Stian Roland ved USN og Siri Mæland ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans med innspel både frå fagmiljøet på Rauland og frå dansekompania, FolkOrg, Noregs Ungdomslag og fleire gjennom dialogmøte om kva profil utdanninga bør ha.