Oppretting av campus Hallingdal

Alle ordførarane i Hallingdal saman med rektor Petter Aasen. Foto
ALLE ER MED: Alle ordførarane i Hallingdal har gjeve tilslutning til opprettinga av ny campus. Frå venstre Petter Rukke i Hol, Tore Haraldset i Nesbyen, Merete Gandrud i Flå, Heidi Granli i Gol, Solveig Vestenfor i Ål, Pål Rørby i Hemsedal og rektor Petter Aasen. (Foto: An-Magritt Larsen)

Regjeringa oppretter eit nytt campus på Gol i Hallingdal for USN. Det er planlagt oppstart hausten 2024 med tre studieretninger fordelt på 60 studieplassar i første omgang.

Tysdag 5. september kom to store statsbudsjettlekkasjer som inneber at USN har fått gjennomslag for to av forslaga til satsingar utanfor ramma, som universitetsstyret vedtok å sende til regjeringa i fjor haust:

  1. Oppretting av campus Hallingdal hausten 2024 med førebels 60 studieplassar innan grunnskolelærerutdannelse, IT og informasjonsvitenskap, og innovasjon og entreprenørskap. 
  2. Oppretting av bachelorstudium i folkedans på USN campus Rauland hausten 2024 med førebels ti studieplassar. Les meir om denne saka her.

Allereie august 2022 signerte USN og Regionrådet i Hallingdal ei intensjonsavtale om ein ny campus i Hallingdal (usn.no).

No er det klart at regjeringa løyver åtte millionar kroner til etableringa av nytt universitetscampus på Gol i Hallingdal for USN.

– Eit utdanningstilbod der folk bur er viktig for å utdanne arbeidskrafta i framtida og sikre eit levande lokalsamfunn over heile landet. Campus Hallingdal skal bidra til nettopp dette. Mange gode krefter har jobba godt saman med eit forslag om å skape eit fysisk nærvær og eit utdanningstilbod for Hallingdalsregionen på Gol, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp), ifølgje NPK/NTB.

– Ei politisk og økonomisk anerkjenning

I samarbeid med Regionrådet for Hallingdal har USN utarbeidd og, overfor sentrale styresmakter, argumentert for eit campuskonsept for nærvær og tilrettelegging av høgare utdanning i Hallingdal. På oppmoding frå statsråden har USN, i samråd med Regionrådet i Hallingdal, også spelt inn kva studiar det vil vere aktuelt å starte opp med hausten 2024, gitt innvilga finansering.

Når USN no får midlar til å starte opp, ser rektor Petter Aasen dette både som ei politisk og økonomisk anerkjenning av det arbeidet universitete gjer som desentralisert fleircampusinstitusjon. 

– Når det gjeld etableringa av campus Hallingdal, har vi føresett at basisfinansieringa av fleircampusinstitusjonar som varetek kunnskaps- og kompetansebasert regional samfunnsutvikling, blir styrkte. Det er også nedfelt i regjeringsplattforma. Vi forventar derfor at det kjem i statsbudsjettet i oktober. Det vil vere avgjerande for korleis vi følgjer opp løyvinga til studieplassane, seier Aasen.

– Attraktivitetsauke

– Hallingdal er i same situasjon som mange distriktsregionar. Unge reiser ut for å ta utdanning. Det blir fleire eldre, og færre til å ta jobbane for å oppretthalde helse- og velferdstenester. I tillegg blir det vanskelegare for lønsame næringar og bedrifter å rekruttere tilsette. Den nye campusen i Hallingdal vil både gi nødvendige nye utdanningstilbod og skape arbeidsplassar, og auke regionens attraktivitet, ikkje minst for den yngre delen av befolkninga, fortel Aasen.

Med moglegheiter for å ta høgare utdanning nærare heimstaden, kan fleire velje utdanning, og færre av dei som ønskjer høgare utdanning blir pressa til å flytte vekk.

– Dette er unge som kan gje viktige bidrag for å oppretthalde og utvikle nødvendige offentlege tenestetilbod, skape ny næringsverksemd og levande lokalsamfunn, seier Aasen.

Totalt 70 nye studieplassar på USN

Allereie hausten 2024 skal etter planen 60 studieplassar fyllast på nye campus Hallingdal. Studentane skal då kunne velje mellom tre studieretningar: grunnskolelærerutdannelse, IT og informasjonsvitenskap, og innovasjon og entreprenørskap.

I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa ei varig auke på budsjettet til universitetet på åtte millionar kroner som skal bidra til finansiering og varig drift av den nye campusen.

Samstundes kjem nyheiten om at regjeringa oppretter eit bachelorstudium i folkedans på USNs campus Rauland. Her blir det etter planen ti ledige studiplassar, også dei frå hausten 2024.ETTERLENGTA: No bli folkedans eit studietilbod på campus Rauland. Foto: Gudrun Semons.

–  Utøvande folkedans blir eit viktig supplement til våre studietilbod innan tradisjonskunst og folkemusikk. Det er ingen høgare utdanningsinstitusjonar som utdannar kunstnarar i folkedans i Noreg i dag. Eit samla norsk folkedansmiljø med utøverorganisasjonar, kompani og folkedansforskingsmiljøet i spissen, har støtta opprettinga av dette studieprogrammet for utøvande folkedans ved USN, seier rektor Petter Aasen.