Doktorkreering blir arrangert kvart år, på den siste torsdagen i april. Dette er ei feiring av dei nyutdanna doktorane til universitetet, inkludert æresdoktorar, som får utlevert diplomet omgitt av akademisk høytidelighet.
Seremonien markerer overgangen frå doktorand (doktorgradsstudent) til kreert doktor.
USN innførte kreeringsseremonien i 2019. Doktorkreering har røter i ein fleire hundre år gammal universitetstradisjon, og vitnar om at USN driv utdanning på høgste akademiske nivå.
Viser samspill med samfunns- og arbeidslivet
Doktorandane blir inviterte til doktorkreering med dei gjestene dei ønsker å ha med, som til dømes nær familie. Interne og eksterne rettleiarar og alle tilsette ved USN blir òg invitert.
For å markere at USN driv utdanning på høgste akademiske nivå i tett samspill med samfunns- og arbeidsliv, inviterer vi òg representantar frå det regionale- og kommunale styringsnivået og det omkringliggande næringslivet som USN samarbeider med.
– Flott av USN å gjeninnføre denne høgtidelege seremonien for oss som har tatt doktorgrad. Dette er ein festdag! (nykreert doktor)
Ein festdag
På kreeringsseremonien ber rektorat og dekanane kappe. Kappa er eit plagg med lange tradisjonar og symboliserer vørdnad.
Seremonien er ei markering, både internt og eksternt, av at USN står i ein akademisk tradisjon.
Når den høgtidelege seremonien er gjennomført, blir dei nykreerte doktorane og gjestane deira inviterte til å feire hendinga med god mat og drikke saman med USNs leiing og andre inviterte.
– USN har vore ein fin stad å ta ein doktorgrad. Eg har hatt dyktige rettleiarar og leiarar som i stor grad har bidratt til at eg vart ferdig på ein god måte og til tida (nykreert doktor).
Under kreeringsseremonien i 2024 fekk USNs første æresdoktor, Dr. Denis Mukwege, sitt diplom i lag med dei nye doktorane. Sendingane frå dei to siste åra kan du sjå under.