FoUI-ekspertar

TETTARE SAMARBEID: Direktør Dagfinn Sætre (til venstre) frå GE Vingmed Ultrasound AS er glad for tettare samarbeid om forskingsaktivitetar ved USN. Her med rektor Petter Aasen, ny FoUi-ekspert Helge Grinde og instituttleiar Einar Halvorsen. Foto
TETTARE SAMARBEID: Direktør Dagfinn Sætre (til venstre) frå GE Vingmed Ultrasound AS er glad for tettare samarbeid om forskingsaktivitetar ved USN. Her med rektor Petter Aasen, ny FoUi-ekspert Helge Grinde (2019) og instituttleiar Einar Halvorsen.

Vi har tilsett ekspertar frå regional industri for å jobbe med forsking, utvikling og innovasjon (FoUI) ved USN.

Sidan oppstart av FoUI-ekspert/prosjektutviklar-konseptet hausten 2016 har USN hatt 25 personar tilsette. FoUI-ekspertane kjem frå regional industri og næringsliv, og blir engasjerte i ei 20 prosent stilling ved USN.

Det har vore viktigare med god industriell forståing og kjennskap til eiga bedrift enn akademisk bakgrunn og utdanning.

FoUI-ekspertane har samarbeidd med fagmiljø ved universitetet  for å utvikle forskings-, utviklings- og innovasjonsprosjekt i problemsstillingar som bedrifter ønskjer å løyse. Fleire av ekspertane har vore sentrale i utvikling og innhenting av prosjekt av betydeleg storleik frå forskingsråd, EU og andre finansieringskjelder.

I perioden fram til 2020 vart verkemidla FoUI-eksperter, gåveprofessorat og samhandlingsarenaer tatt inn i utviklingsavtalen med Kunnskapsdepartementet

Ein vesentleg vekst i USNs eksterne inntekter i 2021 tyder på at verkemidla har bidratt til måloppnåinga.