Folkedans

Bachelor i folkedans

Rauland - Heltid

Fordyp deg i norsk tradisjonsdans, og bli ein ettertrakta dansar som beherskar den særeigne teknikken og estetikken som finst i folkedansen.

  • Søk opptak fra: 16. Nov 2024
Legg varsel i kalenderen min

Studieinformasjon

  • Studiested: Rauland
  • Studienivå: Bachelor
  • Progresjon: Heltid
  • Oppstart: Høst 2025
  • Studieopplegg: På campus
  • Studiepoeng: 180
  • Søknadsfrist: 06.01.2025
  • Antall semester: 6
  • Undervisningsspråk: Norsk
  • Antall studieplasser: 10
Vis flere keyboard_arrow_down keyboard_arrow_up
Som koreograf slit eg med å finne dansarar. Markedet treng dansarar, og at det er stor interesse for event som baserar seg på norsk tradisjonsmateriale, særleg for eit internasjonalt publikum, seier Silje Onstad Hålien dansar og koreograf i dansekompaniet Mamelukk.
Som koreograf slit eg med å finne dansarar. Markedet treng dansarar, og at det er stor interesse for event som baserar seg på norsk tradisjonsmateriale, særleg for eit internasjonalt publikum, seier Silje Onstad Hålien dansar og koreograf i dansekompaniet Mamelukk. Kopirett: Knut Utler
Studentar dansar under Rauland internasjonale vinterfestival i 2023.
Studentar dansar under Rauland internasjonale vinterfestival i 2023. Kopirett: USN
Folkedans og kappleik under Rauland internasjonale vinterfestival

Kvifor bachelor i folkedans?

Dette studiet er midt i blinken både for deg som er glad i dans og som ynskjer å fordjupe deg i folkedans. Kanskje har du dansa folkedans i fleire år allereie, men er usikker på om det går an å leve av det? Eller kanskje du har erfaring frå andre dansesjangrar og er nysgjerrig på folkedans?

I dag er det hard kamp om jobbane som nyutdanna dansar, men som folkedansar vil du ha eit fortrinn.

Kanskje spelar du også eit instrument og ønsker å utvikle deg både som dansar og musikar? Dette er ein av få utdanningar der du kan fordjupe deg både i dans og musikk på same tid. Då vil du også ha endå fleire bein å stå på i arbeidslivet, enten du står på scenen eller arbeidar på ein kulturskule.

Gjennom heile studiet vil det vera tett kontakt med dansekompani og koreografar som held på med dans på heiltid. Du lærer å bli ein sjølvstendige og reflektert folkedansar på eit høgt kunstnarleg og tradisjonsfagleg nivå. Dette vil gjera deg førebudd til eit aktivt yrkesliv som sjølvstendige folkedansarar – både som frilansarar, i relevante dansekompani og i ulike kunstnarlege eller pedagogiske samanhengar.

Vi gir deg ein brei, unik kompetanse som folkedansar og gode nettverk både nasjonalt og internasjonalt!

Dette lærer du

Quote 
Det finst jobbar, men manglar folkedansarar.

Sigurd Johan Heide, Kartellet

Studiet legg stor vekt på den praktiske utøvinga, og det vil bli jobba fram mot studentframsyningar og studentkonsertar med jamne mellomrom, i tillegg til at vi legg opp til tett kontakt og utveksling med dansefeltet.

Du får arbeide med ulike dansarar, musikarar, koreografar og fagpersonar innan dans, og skal i løpet av studiet få omfattande  formidlings- og sceneerfaring og fagkompetanse. Vi har mellom anna avtale om samarbeid og undervisning med dei fremste dansekompania innan folkedans: Frikar, Kartellet og Mamelukk. Desse vil undervise og rådgje deg gjennom heile studieløpet. Det blir lagt vekt på individuell rettleiing og tilpassing for kvar enkelt sine behov.

Den tette koplinga ein finn mellom folkemusikk og folkedans er særeigen for sjangeren. Deler av undervisninga er felles med studentane i folkemusikk og tradisjonskunst. Det er viktig å utvikle dansarar med god musikkforståing, og dersom du som student ønskjer å utvikle deg både som musikarar og dansar, blir det lagt til rette for det.

Den praktiske og teoretiske kunnskapen er gjensidig avhengige av kvarandre, og begge perspektiva vil vera ein integrert del i alle emna. Du vil også  få innblikk i relevant og pågåande forsking ved instituttet og relevante fagmiljø. Me har eit tett samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans ved NTNU, som vil bidra inn i studiet med fagkompetanse og arkivmateriale.

Kva slags jobb får du?

Avhengig av korleis kvar enkelt student utformar studieløpet sitt gjennom fordjuping og prosjektarbeid, kan studiet kvalifisere til ulike arbeidsretningar. Mellom anna:

  • Utøvande folkedansar
  • Formidling og scenisk arbeid
  • Pedagogisk arbeid i barne-, ungdoms- og vidaregåande skule og Den kulturelle skolesekken
  • Museums- og arkivarbeid
  • Organisasjonsarbeid og kulturforvaltning
  • Forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid

Dansekompania Frikar, Mamelukk og Kartellet har omlag 3 premierer og 100 forestillingar årleg. I tillegg driv dei pedagogisk verksemd, og kan melde om stadig aukande etterspørsel om folkedanskompetanse frå fleire av dei store teatera. Dansekompania på feltet manglar dansekunstnarar med tradisjonsdans som basis.

Sosialt studentmiljø

Campus Rauland  ligg i den vakre fjellbygda Rauland og deler lokale med kurs- og aktivitetssenteret Raulandsakademiet. Det kreative studentmiljøet pregar kvardagen, og det er mange aktivitetar ein kan delta i som dansekveldar, huskonsertar, klatring, brettspelkveldar, spikkeklubb, handverkskveldar, hardingfelegruppe, studentpub med dans og spel kvar onsdag. Kvart år blir Rauland Vinterfestival arrangert ved campus. 

Maria Vaaje i snøkledd skog på Rauland

Rauland, et studiested fylt med lidenskap, inspirasjon og et unikt studentmiljø

På campus Rauland dyrker USN-student Maria interessene sine, mens vennskap gror tett på tvers av studieretninger og årskull.

 

Rauland er en av landets minste studentbyer, men også en av årets beste! Godt studiemiljø og vakre omgivelser er noen av tingene som gjør denne studentbyen så bra.

Studentum kårer landets beste studentbyer 2023

Vidare utdanningsmoglegheiter

Studiet gjev  ferdigheiter og kunnskap  som  er aktuell  for å  kunne spesialisere seg vidare gjennom eit masterprosjekt  i tradisjonskunst eller  for vidare studiar innan  dans, koreografi, musikk,  kulturstudiar  m.m.  

Etter fullført mastergrad er det  også høve til å søkje om  ph.d.. Det er også høve til å studere  vidare på mastergradnivå på andre utdanningar innan  dans, koreografi, musikk ved andre institusjonar.  Studiet kvalifiserer til  ulike praktisk-pedagogiske utdanningar. 

Skaff deg internasjonal erfaring

USN Rauland har stort fokus på internasjonalisering, og har kvart år fleire studentar frå ulike kantar av verda som vel å studere i Rauland. Som student blir du slik del av eit internasjonalt miljø. Vi har også ulike internasjonale partnaravtaler som har relevante utvekslingstilbod.

Studieplan

Ei studieplan beskriv innhald, oppbygging og organisering av eit studieprogram. Til kvar studieplan er det knytt emneplanar som beskriv dei enkelte emna, her finn du også pensumliste. Nedanfor ser du ein studiemodell som viser deg kva for emne som går i dei ulike semestera. Frå studiemodellen finn du også lenker til dei ulike emneplanane.

warning Studieplanen for "2025 høst" er ikke klar ennå. For å gi deg en illustrasjon av hvordan studiet er bygget opp viser vi deg studieplanen for et tidligere kull.
Studieplan for 2024 høst

warning Studiemodellen for "2025 høst" er ikke klar ennå. For å gi deg en illustrasjon av hvordan studiet er bygget opp viser vi deg studiemodellen for et tidligere kull.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og praktisk- kunstnarisk opptaksprøve.

keyboard_backspace Manglar du generell studiekompetanse? Sjå unntak for utøvande kunst- og musikkstudium.

Opptaksprøve

Alle søkarar må innan 15. januar også laste opp:

  • Kort motivasjonsbrev der du skriv litt om kven du er og kva slags erfaring du har med dans.
  • Eit eksempel på video der du dansar (gjerne ei lenke til youtube e.l.)
  • CV/oversikt over utdanning, arbeid og anna relevant erfaring

Ut frå dette grunnlaget blir aktuelle søkarar kalle inn til opptaksprøve i veke 12 i Rauland/Oslo.

Opptaksprøva består av: 

  • Å delta på ein dansetime i gruppe 
  • Ei samtale og at søkar kan vise (2-5 minutt) av kva dei kan av dans (ein ta med partner om ein vil). For søkarar som både er musikarar og dansarar er det høve til å førebu både musikk og dans. 

Har du spørsmål?