Utforskar utdanningssamarbeid mellom USN og UPN

Vår EDUC-koordinator Heidi T. Knutsen la til rette for kunnskapsdeling og profesjonell nettverksbygging då Nicole Divoux-Ringuette frå Université Paris-Nanterre fekk sjå USN frå innsida.

Heidi Tovsrud Knutsen og Nicole Divoux-Ringuette. FotoPå tampen av mai 2023 hadde Heidi Tovsrud Knutsen, som er institusjonell koordinator for USN i EDUC-alliansen, gleda av å vere vert for Nicole Divoux-Ringuette (parisnanterre.fr), ein ESL-undervisar/forskar innan didaktikk, frå EDUC-partnar Université Paris-Nanterre (UPN).

Ringuette jobbskygga Knutsen ei heil veke, og dette fann stad som ein del av Erasmus+ sitt mobilitetsprogram for tilsette.

– Heidi Tovsrud Knutsen er ein ekstraordinær person. Hennar dedikerte fokus på EDUC-misjonen vart synleg kontinuerleg gjennom heile besøket mitt, og ho strakk seg for å setje alliansen i fokus i alle møte eg deltok på, uavhengig av fagområde eller avdeling. Eg synest USN er eit utmerkt tillegg til alliansen og visjonen vi har, seier Ringuette.

E-tandem

Nicole Divoux-Ringuette har ei doktorgrad i lingvistikk og har utvikla kurs i tverrkulturell kommunikasjon både for studentar og tilsette innan EDUC. Som fødd kanadiar har ho tospråkleg bakgrunn (engelsk og fransk), noko som er perfekt for forsking innan lingvistikk og språk.

– Det første som slo meg i Noreg var at alle snakka engelsk, sjølv om dei daglege gjeremåla vart utførte på norsk. På denne måten vart eg godt motteken og kunne samtale med framande på gata og utveksle erfaringar med menneske som deler både felles mål og eit felles språk. Alt i alt kjende eg meg oppriktig velkommen, seier ho.

I tillegg til jobbskygging var hovudmåla for Ringuettes besøk å utvikle nye faglege samband og diskutere funksjonen og bruken av E-Tandem i EDUC.

E-Tandem er eit kurs i tverrkulturell kommunikasjon/engelsk språk, utvikla ved UPN. Dette vil bli tilbode til medlemmer av EDUC frå tidleg 2024.

– Perfekte døme

Ringuette fekk høvet til å besøkje fire av dei åtte campusane ved USN.

– Bortsett frå den spektakulære naturen kring campusane, vart eg fascinert over å sjå korleis campusane fungerar som perfekte døme på openheit mot samfunnet, seier ho.

Ringuette gjennomførte mesteparten av besøket sitt på Campus Drammen:

– I Drammen er campusbiblioteket ein del av et felles bibliotek som er fylt med barn, eldre og studentar som les, utforskar og studerer – alle i same rom. I tillegg er kantina open for alle, og til slutt er det ein heil etasje med kontor dedikert til kommunen. Universitetet representerer ikkje berre eit knutepunkt for kontinuerleg utdanning, men er òg ein berebjelke for kontinuitet i sjølve samfunnet, seier ho.

Planlegg allereie sitt neste besøk

Ringuette framhevar òg USNs sentraliserte eining for digitalisering og utdanning (eDU), som jobbar med å handsame problemstillingar knytt til læring, undervisning og vurdering i digitale samanhengar og som primært fokuserer på utvikling og arbeid i nært samarbeid med USNs undervisingsmiljø.

– For meg er eDU eit flott døme på sentralisert effektivitet, seier ho.

Ringuette fekk òg auga opp for Noreg som feriedestinasjon.

– Alt i alt var det ei berikande oppleving, og eg håpar å komme tilbake snart. Kanskje allereie i løpet av sommarferien, seier ho.

Universitetet Paris Nanterre (Frankrike)

Universitetet har en tydelig spesialisering innen humanistiske fag, samfunnsfag, økonomi og juss, men tilbyr også lærerutdanning idrettsfag med mere. 

UPNs nettside

Fransk institusjonsnavn: Université Paris Nanterre (UPN)

Lokalisering: Nanterre by i regionen Île-de-France

Etablert: 1964

Antall studenter: 34 000

Antall ansatte: 2700 

Ranking: Times Higher Education Ranking

EU-prosjekter: Horisont Europa, Horisont 2020, FP7 og Erasmus+

Studietilbud på engelsk