USN er ein del av universitetsalliansen European Digital UniverCity (EDUC), som knyter saman åtte europeiske universitet i sju ulike land.
Heidi Tovsrud Knutsen er prosjektleder for EDUC på USN.
Alliansen er eit resultat av EUs European Universities Initiatives.
Kva er EDUC?
Gjennom universitetsalliansen European Digital UniverCity (EDUC) inngår USNs studentar og tilsette i eit akademisk nettverk over Nord-, Sentral-, Sør- og Vest-Europa.
EDUC-alliansen består av åtte universitet som samarbeider for å sameine kunnskap og ressursar og for å skape eit integrert Europeisk universitet med transnasjonale campusar.
Til saman har alliansen sirka 200 000 studentar og 31 000 tilsette i sju land.
EDUC støttar saumlaus mobilitet for studentar og tilsette gjennom fleirspråklegheit, så vel som blanda, fysiske og virtuelle lærings-/treningsformat organisert på EDUCs felles virtuelle campus.
Nøkkeltal
- 8 universitet
- 7 land
- 200 000 studentar
- 31 000 tilsette