USN og den europeiske «allianserevolusjonen»

Gjester fra Universitetet i Potsdam poserer med USN-folk foran campus Drammen. Foto
PÅ BESØK: Gjester frå Universitetet i Potsdam poserer med USN-folk framfor campus Drammen. Foto: Jan-Henrik Kulberg / USN

Universitetsalliansar strekkjer seg på kryss og tvers i Europa, og nye band blir knytte raskt. EDUC og YERUN blir sentrale satsingar for USN i åra som kjem.

Gjennom USNs medlemskap i EDUC er vi éin av dei totalt 17 institusjonane frå YERUN-nettverket som har gått inn i europeiske universitetsalliansar. I førre nyhendebrev frå YERUN (21. nov) blir utviklinga beskriven som ein «revolusjon».

YERUNs temaside om nettverksbygging finn du god oversikt over dei ulike konstellasjonane, og som ein bonus er nettsida illustrert med eit bilete frå – og ein tekst om – det nylege besøket frå vennene våre ved Universitetet i Potsdam.

Les òg: Linking Networks – How EDUC builds on existing connections - Yerun

Les òg: Between Regional Customs and International Research - Uni Potsdam Visits EDUC Partner University of South-Eastern Norway (uni-potsdam.de)

– Mange nye moglegheiter 

– Vi skal vere eit universitet som er regionalt forankra, men samtstundes internasjonalt orientert og konkurransedyktig. For USN ligg det mange nye moglegheiter for utvikling og samarbeid i EDUC-alliansen for både fakulteta og  administrative einingar, seier rektor Petter Aasen.

Han legg til at USN gradvis blir sterkare involvert i allianseprosjektet utover i 2023.

Liknar kverandre

– YERUN-nettverket består av unge europeiske forskingsuniversitetet som liknar USN når det gjeld profil og ambisjonar, seier rektor og viser til pressemeldinga som vart send ut etter generalforsamlinga i nettverket tysdag og onsdag denne veka, der det til dømes heiter:

Most contributions highlighted by YERUN leaders focused on their impact, on socially and community-engaged activities, and on the partnerships they are building with other sectors, with the ultimate goal of being a key player in their regional innovation initiatives.”

Potsdam på plass

13.-15. juni 2022 besøkte ein delegasjon på seks medlemmer frå Universitetet i Potsdam, leidd av deira visepresident for internasjonale relasjonar, professor Florian J. Schweigert, to av dei åtte campusane våre.

Besøket kom i stand som følgje av det intensiverte samarbeidet mellom begge universiteta gjennom YERUN-nettverket og EDUC-alliansen.

Formålet til Potsdam-delegasjonen med dette første besøket til Noreg var å bli kjende med lokalitetane våre og utforske høve for samarbeid og nettverk for framtida. 

EDUC – European Digital UniverCities

  • EDUC er eit konsortiesamarbeid mellom åtte europeiske universitet, under EU-programmet European University Initatives.
  • Målsetjinga med EDUC-samarbeidet er tettare, forpliktande samarbeid om felles strukturar rundt utdanning, forsking, innovasjon og digitalisering for å fremje europeiske verdiar og kvalitet i utdanningane.
  • EDUC har fått 16 millionar euro over fire nye år, til utvikling og implementering av felles strukturar og fagleg utvikling. Prosjektet blir rulla ut frå januar 2023.
  • USN vart teke opp som medlem i denne universitetsalliansen i byrjinga av januar 2022.

Les meir: usn.no/educ

YERUN – Young European Research Universities

  • YERUN har som målsetjing å fremje unge universitet i Europa. 
  • Nettverket har strategisk representasjon i Brussel, med fokus på lobbyverksemd og felles samarbeid universiteta imellom innan forsking, innovasjon og utdanning.
  • USN har delteke i nettverket sidan 1. januar 2022.

Les meir: Yerun - Young European Research Universities Network