Nora representerer USN-studentane i EDUC

EDUC STUDENTREPRESENTANTAR: (Frå venstre) Damir Solak (UM), Nora Rymoen Houidi (USN), Ángela García (UJ1) og Hikmet Hilmi Güler (UP). Foto: Kine Korsmo (USN)
GREP ORDET: Nora R. Houidi (USN) var blant studentrepresentantane som tok del i styringskomitémøtet for å presentere studentrådet. Frå venstre: Damir Solak (UMU), Nora, Adéla Terezie Hurtivá (MU), (Ángela García (UJ1) og Hikmet Hilmi Güler (UP). Foto: Kine Korsmo
TANKESMIE: Studenter ved alle åtte EDUC-auniversiteta var representerte. (Foto: Knut Jul Meland)

Studentleiar Nora R. Houidi i Studentdemokratiet i Søraust-Noreg (SDSN) er USNs studentrepresentant i EDUC Student Board – studentrådet til universitetsalliansen European UniverCity (EDUC). 

Parallelt med EDUCs rektor- og styringskomitémøte i Paris (22.-23. juni 2023), vart det avvikla ei tankesmie for studentrådet til alliansen – EDUC Student Board.

Nora Houidi, Ingvild M. Larsen og Petter Aasen gatelangs i Paris. FotoHer deltok studentrepresentantar frå alle dei åtte EDUC-universiteta for å bli kjende, etablere generelle retningslinjer, fordele rollar, finne ut av samarbeidsform og framdrift. 

Kva er EDUC?
  • Gjennom universitetsalliansen European Digital UniverCity (EDUC) inngår USNs studentar og tilsette i eit akademisk nettverk mellom sju universitet i Europa:
    • Masaryk Universitet (MU)  Tsjekkia

    • Universitetet i Cagliari (UNICA) – Italia

    • Universitetet Jaume I (JM1) – Spania

    • Universitetet i Paris Nanterre (UPN) – Frankrike

    • Universitetet i Pécs (UPT) – Ungarn

    • Universitetet i Potsdam (UP) – Tyskland

    • Universitetet i Rennes (UR) – Frankrike 

  • EDUC er basert på pedagogisk innovasjon gjennom digitale verktøy og ordningar for fagleg openheit som tenar mobiliteten til studentar så vel som undervisarar, forskarar og teknisk-administrativt personell.
  • EDUC-medlemmane sameiner kunnskap og ressursar med mål om å skipe eit integrert europeisk universitet med transnasjonale campusar og ein sameina virtuell campus.
  • EDUC støttar saumlaus mobilitet for studentar og tilsette gjennom språkmangfald, og nyttar blanda (fysiske og virtuelle) lærings- og treningsformat,
  • EDUC er eit resultat av EUs European Universities Initiatives (EUI). 

Stemmerett og avgjerdsmakt

Studentrådet skal no utnemne ein leiar, ein nestleiar og ein sekretær. Leiaren skal inngå i EDUC styringskomité med stemmerett og avgjerdsmakt på line med dei andre styringskomitémedlemmane.

– Eg vil ikkje kommentere noko her førebels, men dokker kjem til å høyre frå oss når rollane er fordelt, det er klart. Det lovar eg, seier Nora Rymoen Houidi med eit smil.

Ho er nyvald studentleiar i Studentdemokratiet i Sørøst (SDSN) og tok del i tankesmia som den einaste representanten frå USN. 

– Lovar godt

– Dette første møtet lovar godt. Alle vi som sit i studentrådet er engasjerte og entusiastiske, og ikkje minst takksame for å bli involvert og for å kunne samarbeide tett med EDUC-tilsette, seier Houidi, som legg til at EDUCs studentråd er opptekne av å vere ein tydeleg og sterk del av økosystemet av internasjonale studentorganisasjonar.

EDUCs studentråd er òg representert i European Students' Union (esu-online.org).

Bidreg inn

Alle representantane i EDUCs studentråd skal kople seg på ulike oppgåver i allaiansens arbeidspakkar og slik sett bidra inn i realiseringa og utviklinga av alliansen i tråd med forpliktingane overfor EU.