Lanserar mentorordning for EDUC-tilsette

EDUC-logo ved siden av en yngre og en eldre person. illstrasjon

No skal vi etablere mentor-mentee-relasjonar på tvers av alliansen. I pilotfasen i 2024 er rekrutteringa open for administrativt tilsette som jobbar med internasjonalisering, utveksling av studentar og ansatte, og ekstern finansiering av europeiske utdannings- eller forskingsprosjekt.

EDUCs mentor- og lærlingordning fører saman to tilsette – ein mentor og ein mentee som arbeider innan same fagfelt ved to ulike EDUC-universitet.

I pilotfasen i 2024 er rekrutteringa berre open for administrativt tilsette som jobbar med internasjonalisering, utveksling av studentar og ansatte, og ekstern finansiering av europeiske utdannings- eller forskingsprosjekt. Fra 2025 vil programmet bli ope for fleire tilsette.

– Målet er å fremje fagleg utvikling og karrierevekst, samtidig som ein byggjer ein inkluderande europeisk kultur og utvidar nettverk, seier prosjektrådgjever for EDUC på USN, Rebeca Schumacher Eder Fuao, på vegne av arbeidsgruppa for mentor- og lærlingordninga (arbeidspakke fem, oppgåve 2), som er under leiing av USN. 

Ho legg til at EDUCs mentorordning er basert på det vellukka mentorprogrammet frå USN Handelshøgskolen, og at det vil bli spennande å sjå dette brukt i ei europeisk samanheng.

Vil du delta?

Fyll ut eitt av desse skjemaene innan 1. april 2024:

Krav til ein mentor: ​​​​​​
  • har meir enn tre års arbeidserfaring frå internasjonale kontor og EU-prosjektkontor
  • snakkar flytande engelsk (minimum B1-nivå)
  • er villig til å dele erfaring som ekspert innan ditt fagfelt
  • kan forplikte deg til om lag tolv timar totalt i løpet av dei seks månadane programmet varer

 

Krav til ein mentee:
  • Har mindre enn tre års arbeidserfaring frå internasjonale kontor og EU-prosjektkontor
  • Snakkar flytande engelsk (minimum B1-nivå)
  • Ønskjer å utvikle kompetansen din innan ditt fagfelt
  • Kan forplikte deg til om lag tolv timar totalt i løpet av dei seks månadane programmet varer.

Korfor?

Mentorordninga er eit verkty for kompetanseutvikling både for mentor og lærling.

Måla for deltakinga er:

  • utvikling av kunnskap og ferdigheiter
  • nettverksbygging
  • deling av ekspertise og mønsterpraksis
  • moglegheit til å styrkje mentor- og kommunikasjonsdugleiker (for mentorar)

Korleis?

Mentorprogrammet vil føregå i arbeidstida til deltakarane (totalt 12 timar).

Målet er at mentor og mentee skal:

  • ha minst eitt nettbasert møte per månad i ein periode på seks månader
  • gjennomføre tre nettbaserte tilbakemeldingssesjonar med trenaren (1 time kvar)
  • delta på ei digital opplæringsøkt (i april) og ein nettbasert avslutningssesjon (i november), begge på halvannen time

Utvelging og spleising

Utvelgingsprosessen vil bli gjennomført av arbeidsgruppa for mentorprogrammet (arbeidspakke fem, oppgåve 2) 

Kriteria for å spleise mentor og mentee vil vere:

  • likt kompetansenivå i engelsk
  • felles interesse for deling av kunnskap og praksis
  • mentor bør ha høgare ekspertise enn mentee
  • motivasjon

EDUC tilbyr:

  • opplæringsøkter for mentor og mentee
  • tilbakemeldingssesjonar som blir arrangert gjennom pilotfasen
  • ein avslutningssesjon for alle deltakarar
  • sertifikat

Vil du delta?

Fyll ut eitt av desse skjemaene innan 1. april 2024: