Studentarbeid Olava Eivindsdatter

Årsstudium i tradisjonskunst: tre-, metall- eller tekstilhåndverk

Rauland - Heltid

Er du interessert i handverk og tradisjonar, og ynskjer å arbeide praktisk med dette? På årsstudium i tradisjonskunst kan du velgje å arbeide med tradisjonshandverk innan tre, metall, tekstil eller instrumentmaking.

  • Søk opptak fra: 01. Feb 2025
Minn meg på søknadsfrist

Studieinformasjon

  • Studiested: Rauland
  • Studienivå: Års- og halvårsstudier
  • Progresjon: Heltid
  • Oppstart: Høst 2025
  • Studieopplegg: På campus
  • Studiepoeng: 60
  • Søknadsfrist: 15.04.2025
  • Søkekode: 222 628
  • Antall semester: 2
  • Undervisningsspråk: Norsk
  • Antall studieplasser: 15
Vis flere keyboard_arrow_down keyboard_arrow_up
Tre studenter driver trearbeid i verkstedet på campus Rauland.
Tekstilkunst. Student i verkstedet på campus Rauland.

Kvifor årsstudium i tradisjonskunst?

Er du interessert i handverk, formgjeving og tradisjonar? Du vel å fordjupe deg i eitt av materialområda:

  • Tre
  • Metall
  • Tekstil
  • Instrumentmaking

Du får tett oppfølging gjennom studieåret og individuell rådgjeving til val knytt til eiga utøving.
 

– Jeg merker at interessen for smykker med historiske røtter er økende, så jeg tror det er en god tid å satse på yrker som har rot i tradisjon og håndverk.

Sylvsmed Linn Sigrid Bratlandlinn sigrid bratland usn folkekunst. foto.

Dette lærer du

Årsstudiet inneheld ei brei innføring i tradisjonshandverk, formgjeving og tradisjonskunstens eigenart. 

Kjerneområda i studiet er: 

  • Utøving og skapande arbeid: Praktisk og teoretisk tradisjonskunnskap, tradisjonelle handverksteknikkar og materialkunnskap, utøving og skaping innan valt materialområde, og innføring i tradisjonskunstens eigenart og formspråk.
  • Tradisjonskunnskap: Studiet gir deg innsikt i den sosial og kulturelle konteksten til tradisjonskunsten, både i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Praktisering av tradisjonskunst omhandlar ei vidareføring av tradisjonshandverk saman med skapande formgjeving.

Kva slags jobb får du?

Studiet utdannar fagpersonar i tradisjonskunst for eit breitt kultur- og handverksfelt. Studiet kan kvalifisere til å arbeide i ei rekkje instansar: som tradisjonskunstnar/handverkar med eiga bedrift, med formidling og pedagogisk arbeid, museums- og arkivarbeid, med kulturforvaltning på kommune- og fylkesplan og med organisasjonsarbeid. 

Sosialt studentmiljø

Campus Rauland ligg i den vakre fjellbygda Rauland og deler lokale med kurs- og aktivitetssenteret Raulandsakademiet. Det kreative studentmiljøet pregar kvardagen, og det er mange aktivitetar ein kan delta i som danseklubb, spikkeklubb, huskonsertar, klatring, brettspelkveldar, handverkskveldar, hardingfelegruppe, studentpub kvar onsdag m.m. Kvart år blir Rauland Vinterfestival arrangert ved campus. 

Maria Vaaje i snøkledd skog på Rauland

Rauland, et studiested fylt med lidenskap, inspirasjon og et unikt studentmiljø

På campus Rauland dyrker USN-student Maria interessene sine, mens vennskap gror tett på tvers av studieretninger og årskull.

Vidare utdanningsmoglegheiter

Studiet tilsvarer 1. år av bachelor i tradisjonskunst, og kvalifiserer for opptak til andre året.

Etter bachelor eller master kan ein med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) bli kvalifisert for arbeid i grunnskulens mellom- og ungdomstrinn, kulturskule, vidaregåande skule, folkehøgskule og vaksenopplæring. Du kan også bruke årsstudium i tradisjonskunst som eit av fem år i ei grunnskulelærarutdanning. Årsstudiet kan også brukast som vidareutdanning.

 

Studieplan

Ei studieplan beskriv innhald, oppbygging og organisering av eit studieprogram. Til kvar studieplan er det knytt emneplanar som beskriv dei enkelte emna, her finn du også pensumliste. Nedanfor ser du ein studiemodell som viser deg kva for emne som går i dei ulike semestera. Frå studiemodellen finn du også lenker til dei ulike emneplanane.

warning Studieplanen for "2025 høst" er ikke klar ennå. For å gi deg en illustrasjon av hvordan studiet er bygget opp viser vi deg studieplanen for et tidligere kull.
Studieplan for 2024 høst

warning Studiemodellen for "2025 høst" er ikke klar ennå. For å gi deg en illustrasjon av hvordan studiet er bygget opp viser vi deg studiemodellen for et tidligere kull.

Opptakskrav

  • Generell studiekompetanse

    Generell studiekompetanse

Poenggrenser ved forrige opptak:

Alle
Ordinær kvote
Heltid
Alle søkere konkurrerer i ordinær kvote. I denne kvoten konkurrerer du med konkurransepoengene dine.
Les mer om ordinær kvote.
Alle
Førstegangsvitnemål
Heltid
Du konkurrerer i kvoten for førstegangsvitnemål dersom du ikke fyller mer enn 21 år i året du søker opptak og...
Les mer om førstegangsvitnemål.

Har du spørsmål?