USNs nye samfunnskontaktar er klare

De åtte nye samfunnskontaktene står i to rekker og ser mot kamera og smiler.
ER I GANG: Samfunnskontaktene startet offisielt 1. september. Bak f.v.: Steinar Aasnæss, Ragne Brekke Hvidsten, Hilde Røneid, Stian Roland. Foran f.v.: Silja Sverreson, Mette Varegg, Carl-Magnus Nystad og Tone Jøran Oredalen. Foto: Hege Lundby Mathisen

USNs åtte nye samfunnskontaktar er klare for å byrje arbeidet sitt. Dei overtar rolla som campuskontaktane tidlegare har hatt og er tilsette for tre år.

USN har tidlegare hatt åtte campuskontaktar. No tar samfunnskontaktane over deira funksjon og får ein noko meir omfattade rolle enn campuskontaktane har hatt tidlegare. Det formelle avsparket er 1. september 2023, der samfunnskontaktane er samla på campus Drammen.

– Vi har forventningar til at dei åtte samfunnskontaktane vil vere viktige både for aktiviteten på kvar enkelt campus og for fellesprosjekt der vi vil vidareutvikle samarbeidet med vårt regionale samfunns- og arbeidsliv, seier spesialrådgivar Kristin Barstad.

Skal tettare på der folk bur og arbeider

Endringa frå campuskontakt til samfunnskontakt er ein del av USNs arbeid med å styrke og vidareutvikle regional forankring.

– Ein grunnleggjande verdi for USN er å vere tett på der folk bur og arbeider. OU-prosessen i 2021 resulterte i fleire delrapportar med tilrådingar for vidare utvikling av USN, blant dei korleis vi skal styrkje og vidareutvikle den regionale forankringa vår. I ein av OU-rapportane vart det peika på at oppgåvene for campuskontaktane var uklart formulert og formidla og at dei handterte rolla ulikt både tids- og innhaldsmessig. Det vart også peika på at USNs organisering ikkje er sjølvsagd for omgivnadene og at eitt kontaktpunkt inn pr. campus derfor ville vere formålstenleg, seier Kristin Barstad.

Ho er spesialrådgivar i Eining for analyse, strategi og verksemdsstyring og har ansvar for samfunnskontaktane saman med spesialrådgivar Duy Tho Do og viserektor Kristian Bogen.

– Når vi no formaliserer rolla som samfunnskontakt ved alle våre campus er dette ei oppfølging av tilrådingane, seier Barstad.

Campus Bø: Tone Jøran Oredalen

Portrett av Tone Jøran Oredalen som ser i kamera og smilerTone Jøran Oredalen er førsteamanuensis ved Fakultet for teknologi, naturvitskap og maritime fag. Ho underviser i tema innan ferskvassøkologi og berekraftsmåla i natur- og miljøforvaltninga.

– Det blir viktig for meg å vere ein enkel veg inn i USN - det skal vere lett å ta kontakt med oss, og USN skal vera ein ressurs i lite og stort. Eg vil vera tilgjengeleg og gje rask tilbakemelding på henvendingar, og ikkje bli ein propp i eit stort system, men i staden bidra til å skape aktivitet og nye prosjekt for USN og regionen, seier Oredalen.
 

Campus Drammen: Silja Sverreson

Portrett av Silja Sverreson som ser i kamera og smilerSilja Sverreson er fakultetsrådgivar ved USN Handelshøgskulen. Her er ho bedriftskontakt, arbeidslivskoordinator og programleder for Arbeidslivsmentorprogrammet

– Det som er viktig for meg i denne rolla er å jobbe systematisk for å utvikle relasjonar til personar, organisasjonar, verksemder og styresmakter som har noko å seie for USN og campus Drammen. Arbeidsmarknaden er i stor endring. USN må derfor vere tett kopla på arbeidslivet og det behovet arbeidslivet har for å kunne gi studentane den kompetansen som krevst i framtida, seier Sverreson.

Campus Kongsberg: Ragne Brekke Hvidsten

Portrett av Ragne Brekke Hvidsten som ser i kamera og smilerRagne Brekke Hvidsten er rådgivar i Eining for analyse, strategi og verksemdsstyring, og er prosjektleiar og rådgivar i USN Bærekraft på USN.

– Eg ser fram til å byrje i jobben som samfunnskontakt på campus Kongsberg og vidareutvikle USN som ein sentral kunnskaps- og samfunnsaktør lokalt og regionalt. Eg ønskjer å bidra til å styrke omdømmet og vidareutvikle USNs gode samarbeid med aktuelle aktørar i offentleg- og privat sektor – og dessutan vere ein døropnar både inn til og ut av USN, seier Brekke Hvidsten.
 

Campus Notodden: Carl-Magnus Nystad

Portrett av Carl-Magnus Nystad som ser i kamera og smilerCarl-Magnus Nystad er visedekan ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap ved campus Notodden. Han har tidlegare hatt rolla som campuskontakt her.

– Eg ser fram til å halde fram og vidareutvikle samarbeidet med eksternt arbeids- og samfunnsliv på campus Notodden. Vi samarbeider allereie godt mot kommunen og spesielt skular og barnehagar, men det er nok eit potensiale for fleire samarbeid mot nye delar av samfunnslivet. Eg trur derfor at det å vere eit bindeledd inn mot USN generelt er viktig, og eg gler meg til ei større samhandling med dei andre samfunnskontaktane for å mogleggjere nettopp dette, seier Nystad.

Campus Porsgrunn: Hilde Røneid

Portrett av Hilde Røneid som ser i kamera og smilerHilde Røneid er seniorrådgivar i Avdeling for infrastruktur. Ho er mellom anna leiar for Studentorg.støtte (SOS) og har hatt rolla som campuskontakt for Porsgrunn.

– Som samfunnskontakt ønskjer eg å vere ein katalysator inn til USN gjennom å kople dei som kontaktar oss til det rette fagmiljøet. I tillegg håpar eg å klare å jobbe proaktivt slik at vi ikkje berre er tilgjengeleg for dei som aktivt tek kontakt, men at vi også når andre relevante fagmiljø. Ved campus Porsgrunn har vi lenge hatt eit godt samarbeid med regionen. Spesielt vil eg trekkje fram Birkelandinitiativet som har resultert i 4 professorat finansierte av kommunar, fylkeskommunen og eit breitt næringsliv. Eg håpar også at vi kan få til eit breiare samspel på tvers av fagmiljøa på campus, då eg trur vi verkeleg kan dra nytte av kvarandre. Eg ser også fram til samarbeidet med dei andre samfunnskontaktane og trur vi saman kan bidra til å skape større synergiar på tvers av campus. Til sist ønskjer eg å nemne rolla til studentane. Dei er ein stor ressurs i samspelet både i forhold til praksisfeltet, master og bachelor-oppgåver, men også gjennom studentorganisasjonane og studentfrivilligheita. Viss vi klarer å få til eit godt samspel med samfunnet også på dette feltet, kan det påverke den totale opplevinga til studentane av studiekvalitet og trivsel, seier Røneid.

Campus Rauland: Stian Roland

Portrett av Stian Roland som ser i kamera og smilerStian Roland er leiar for Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland. Han har hatt rolla som campuskontakt her.

– Eg har hatt rolla som campuskontakt i nærare sju år no, og ser fram til å byggje vidare på den dialogen vi har fått mellom regionen og dei ulike fagmiljøa i USN i den nye rolla som samfunnskontakt. Eg ser meg sjølv som ein midtbekk som må prøve å initiere og koordinere godt samspel og på den måten vere med å utvikle regionen og USN vidare, seier Roland.

 

Campus Ringerike: Steinar Aasnæss

Portrett av Steinar Aasnæss som ser i kamera og smilerSteinar Aasnæss er førstelektor ved USN Handelshøgskulen og underviser i samfunnsøkonomi, mikro- og makroøkonomi. Han har hatt rolla som samfunnskontakt ved campus Ringerike.

– Vi sit på ein stor kompetanse ved USN, som også er sterkt etterspurt i nærings- og samfunnslivet campus Ringerike har som nedslagsområdet sitt. Saman med kollegaene mine ser eg fram til å bidra til å få fram mange gode og fagleg relevante forskings- og samarbeidsprosjekt.
Gjennom styrkt samhandling med USNs interne forskingsressursar og nærings- og samfunnslivet til regionen skal vi lykkast med dette, seier Aasnæss.

Campus Vestfold: Mette Varegg

Portrett av Mette Varegg som ser i kamera og smilerMette Varegg er seniorrådgivar i Avdeling for forsking, innovasjon og internasjonalisering. Ho har mellom anna jobba som kompetansemeklar i FORREGION Vestfold og Telemark og som prosjektleiar for arrangementa Arendalsuka, Industriveka, Innsikt Drammen, Kongsberg Agenda og Horten Tech Festival.

– Noko av det viktigaste for meg er nettverksbygging og informasjonsflyt, både med eksterne og interne. Eg ønskjer eit solid samarbeid med dei andre samfunnskontaktane, slik at me får eit "nettverk i nettverket". Me skal spela kvarandre gode, og utnytta ressursane i nettverket. Målet er at alle som tek kontakt med USN  blir godt varetekne, seier Varegg.

Eit kontaktpunkt for heile USN

USNs fleircampusstruktur skal bidra til at arbeidslivet i regionen vår har tilgang til kunnskapsmiljøa våre. Samfunnskontaktane skal derfor vere kontaktpunkt ikkje berre til eigen campus, men til USN som eit heile.

– Dei skal vere kontaktpunkt mellom USN og samfunns- og arbeidsliv og bidra til samarbeid om EVU og FOUI, og ikkje minst at studentane skal oppleve arbeidsrelevans i studiane sine. Dette vil krevje at dei informerer, koplar og lyttar, både til eksterne aktørar og interne fagmiljø. Dei vil også vere eit nettverk som hjelper og støttar kvarandre og i fellesskap bidreg til å utvikle rolla som samfunnskontakt, seier Barstad.

De åtte samfunnskontaktene og de tre lederne står på rekke langs en vegg og ser i kamera.

Dei tre leiarane er godt fornøgd med valet av samfunnskontaktar.

– Dei er alle erfarne og dyktige medarbeidarar med god kjennskap til universitetet, campusen sin og til regionen sin. Dei har som gruppe ein samla kompetanse innan leiing, forsking, kommunikasjon, organisering, studentkontakt og prosjektstyring. Dei er heller ikkje redde for å ta eit tak når det gjeld det praktiske arbeidet med tilrettelegging av møte, seminar og liknande, seier Barstad.

0 Kommentarer

Du må logge på for å kunne kommentere.