Opplevingsbasert ministerbesøk

DU STORE: Professor Biljana C. Fredriksen hadde tatt med seg alpakkaer da kunnskapsminister Tonje Brenna kom på besøk.
ORDSKIFTE: Frå venstre: Professor Biljana C. Fredriksen, rektor Petter Aasen, kunnskapsminister Tonje Brenna, dekan Per-Ludvik Kjendlie, leiar for USN Profesjon, Kristin Barstad, og instituttnestleiar Pål Runsjø.
STUDENTMØTE: Her får statsråden innspel frå barnehagelærarstudent Cathrin Sonnleitner
OVERRASKA: Tonje Brennas reaksjon då plutseleg fire alpakkar kom forbi.
KOSESTUND: (Frå venstre) Barnehagelærarstudentane Cathrin Sonnleitner og Martine Hansen saman med kunnskapsministeren og alpakkaar.

Det blei tid til både alpakkakos og djupe diskusjonar då kunnskapsminister Tonje Brenna kom til USN for å finne ut meir om leikande læring i barnehagelærarutdanninga. 

– I barnehagen blir det lagt opp til at barna lærer gjennom leik, og det gjer vi somtid óg her på barnehagelærarutdanninga. Då handlar det gjerne om å utfordre den lineære tankegangen, for det er mange ting du berre ikkje kan forstå på forhand. Gjennom leiken får vi eit høve til å «forstå baklengs», seier professor Biljana C. Fredriksen i forskingsgruppa Embodied making and learning

Tonje Brenna (Ap) nikkar anerkjennande. Kunnskapsministeren har vorte interessert i korleis vi lærer med kroppen, og ikkje berre hovudet. 

Fredag 19. august var Brenna på plass på campus Vestfold for bli betre kjent med barnehagelærarutdanninga på Universitetet i Søraust-Norge (USN). Kunnskapsministeren var særleg opptatt av korleis fagmiljøet på barnehagelærarutdanninga arbeidar med leik og læring – kunst, kultur og kreativitet.

LES ÓG: Kunnskapsministeren hos USN på Arendalsuka

Sanseleg 

Ein gnist vart nemleg tend på eit nettseminar før sommaren, kor Tonje Brenna høyrde professor Fredriksen snakke om «embodied learning» (læring som er forankra i kroppen), altså korleis vi menneske interagerer kreativt med materialar, og læringa som går føre seg i denne prosessen. Ministeren skaffa seg Biljana si bok Begripe med kroppen og tinga seg eit møte på USN for å lære meir.

– Eg lèt meg rive med av Biljana sine perspektiv og hennar resultat knytt til leikande læring og læring med heile kroppen. Vi treng å anerkjenne leiken og den sanselege læringa som vesentlege delar av vår danning. Det bør bli ein del av den politiske samtalen i større grad, elles går vi glipp av utroleg store moglegheiter, seier Brenna.

No er det Biljana C. Fredriksen som nikkar anerkjennande:

– Eg er opptatt av korleis barn lærer av sine eigne erfaringar og korleis denne læringsforma er avhengig av respekt og heider frå dei vaksne. Viss dei vaksne rundt barnet ikkje forstår og fullt ut anerkjenner kompetansane til barn, vil desse kompetansane gå tapt. Det dreier seg om kompetansar som merksemd, fantasievner og problemløysingsevner som har nære samband med meistring, motivasjon til læring og oppleving av å ha eit meiningsfullt liv, seier ho.

LES ÓG: Satsar mot campus i Hallingdal

Møtte studentar

Brenna vart tatt imot på campus Vestfold med levande strengemusikk. Musikkstudent Casper Bjørnbak spelte eit gitarstykke han hadde komponert sjølve, og medstudent Christan Baardsen akkompagnerte på gitar medan forskar, pedagog, instituttnestleiar og musikar Pål Runsjø improviserte på fiolin.

– Gjennom å delta i studentanes musikalske univers, respektere og vere lydhør for deira idear og dugleikar, utvidar eg studentane sin motivasjon til å skipe og formidle musikk, fortalde Runsjø til kunnskapsministeren.

Brenna fekk óg møte barnehagelærarstudent Cathrin Sonnleitner, tidligare barnehagelærarstudent Marianne Smidt og 
pedagogikkstudent Martine Hansen, som alle delte sine perspektiv, før det vart ein spanande diskusjon, kor òg rektor Petter Aasen, dekan på Fakultet for humaniora og utdanningsvitskap, Per-Ludvik Kjendlie, og fleire frå leiinga pluss delar av fagmijøet på Institutt for estietske fag tok del.

Studentane fortalde blant anna om verdien av å få trene på å stå i det ukjende. 

 – Eg ønsker meg meir fokus på det estetiske i alle aldersgrupper i barnehagen og over i skulen. Den danninga det gir å få erfaring med å stå i og tole ulike kjensler som melder seg når ein står i noko som er ukjend, det gjer barna meir rusta til å ta tak i dei faglege utfordringane som kjem på skulen, sa pedagogikkstudent Martine Hansen.

Og statsråden fulgte opp:

– Å kunne sjå og forstå barna våre krev kunnskap og erfaring. Vi ønsker oss robuste barn, som ikkje skammar seg sjølv om noko går gale. Mykje har forandra seg dei siste åra med undervisning av barn. Kontakten med naturen og det å kunne sjå heilskapen er viktig, sa ministeren oppsummerande.

LES ÓG: 5 gode grunnar til å bli barnehagelærar

Du store alpakka

Og nettopp for å gje ministeren eit døme på heilskaplege opplevingar og kontakt med natur, hadde Fredriksen med seg firbeinte overraskingsgjestar frå garden hennar på Svarstad: fire alpakkaer.

Gjennom heile møtet hadde ministeren sete på eit underlag, som Fredriksen hadde laga av alpakkaull. Minsteren fekk òg kjenne og ta på uhandsama alpakkaull og kikke på reiskapa Fredriksen hadde brukt i tilverkinga, før dei fire alpakkaene brått openberte seg utanfor glaset i møterommet. 

 – Åh, det var ein fantastisk overrasking! Eg visste godt at Biljana driv med alpakkaar, for det hadde vi snakka om på førehand, og eg blir jo heilt tussete av sånne vakre skapningar. Eg hadde veldig lyst til å besøke ho på garden og få sjå dei, men det var det jo ikkje tid til denne gongen, så då dei plutseleg kom spankulerande forbi, vart eg veldig glad. Så var det òg eit nydelig døme på dagens tema og ein god oppleving, fortel Brenna.

LES ÓG: Slik vart dei nye studentane ønskt velkommen