Nytt kurstilbod for flyktningar

Bilete av studentane
SVÆRT NØGDE: F.v: Nina Popova og Mykhailo Kopthein er to av deltakarane på kurset. Dei er svært nøgde med kurset så langt. (Foto: Privat)

Universitetet i Søraust-Noreg sette nyleg i gang eit nytt kurstilbod for flyktningar med økonomiutdanning frå heimlandet. Nina og Mykhailo er svært nøgde.

— Før eg byrja på kurset hadde eg praksis i eit norsk konsulentselskap. Det var ein utfordring å forstå kva dei andre medarbeidarane snakka om, sjølv om eg hadde lært norsk i eit heilt år, har ein økonomisk utdanning og meir enn 10 års erfaring i dette feltet, seier Mykhailo Kopthein

Det nye økonomikurset har gitt han motivasjon til å studera økonomiske bøker og bli kjent med norsk økonomi-terminologi.

— Hjelpa frå kurslæraren er fantastisk. Endeleg kan nokon svare på mine trivielle spørsmål om norsk økonomi. Eg gleder meg til dei kommande vekene med makroøkonomi- og rekneskapsforelesningar.

Nina Popova seier seg einig:

— Mange ukrainarar blei kasta ut frå sine vanlege liv i heimlandet. Dei fleste kom hit med blanke ark. Kurset for økonomar er veldig nyttig. Det kan hjelpe oss som har lyst til å jobba videre med finne riktig arbeidsstad, der me kan bruke kunnskapen og ferdigheitene våre. Eg ønskjer å finna min plass og å bidra økonomisk .

Bilete av Anne Gry Gudmundsdotter
Stor interesse og stort engasjement

— Me har opplevd ei stor interesse for tilbodet, seier Anne Gry Gudmundsdotter.

Ho har koordinert arbeidet med å utvikla kurstilbodet, og ho leier arbeidsgruppa for flyktningar med kollektivt vern.

— Me hadde i første omgang berre tenkt å tilby 30 plassar, men har motteke tre gonger så mange søkjarar. Difor bestemde me oss for å utvida med ti ekstra plassar. Me har no i alt 33 kvinner og 6 menn som følgjer kurset. 

Janne Marie Hemmingby frå Karriere Buskerud har leidd dei første kurssamlingane med fokus på karrierevegleiing. Ho seier inntrykket er at kursdeltakarane er ei gruppe med høg kompetanse og lang erfaring innan økonomi og rekneskap. Fleire har hatt ansvarsfulle stillingar i heimlandet: 

— Gruppa viser mykje engasjement både innanfor eige fagområde, og rundt det å læra korleis ein søkjer og får jobb i Noreg. Det er mykje som må lærast når ein brått og brutalt må flykta frå alt som er kjent og kjært, og starta eit nytt liv i eit heilt ukjent samfunn. Slik som kunnskap om samfunns- og arbeidsliv og det å søkja jobb. Deltaking i arbeidslivet er viktig om me skal lykkast med god integrering, og det betyr mykje for den enkelte å kunna kjenna at ein er til nytte. 

— Veldig god stemning

Etter to veker med karrierevegleiing er det førelesarar ved Institutt for Økonomi og IT ved campus Bø som no har teke over. Fram mot desember vil kursdeltakarane få innføring i ulike tema som makroøkonomi, rekneskap, skatt, meirverdiavgift og arbeidsgivaravgift. Sigbjørn Hjelmbrekke, fyrsteamanuensis ved ØIT, er ein av dei som skal undervisa. Førsteamanuensis Sigbjørn Hjelmbrekke

— Dette er eit nytt og spanande tilbod for deltakarane, men og for oss forelesarar. Det var veldig god stemning første dagen av det økonomifaglege opplegget. Deltakarane sa ifrå når det gjekk for fort, spurde når det var noko dei ikkje forstod og hjelpte kvarandre gjennom innhaldet. Det verkar som ein veldig fin gjeng, og eg gler meg til å halda fram.

Hjelmbrekke forklarer at faggruppa på økonomi ved ØIT har utvikla kursinnhaldet knytt til rekneskapsreglar, skattereglar og makroøkonomi, og at målet er todelt: deltakarane skal lære å kjenne det norske systemet, samstundes som dei skal lære å snakke om faget sitt på norsk.

Spesialrådgjevar Kristin Barstad ser kurstilbodet som eit ledd i USN utstrekte samfunnsansvar: 

— Me er eit universitet som ønskjer å vera tett på samfunns- og arbeidsliv. Me skal bidra til å løysa utfordringane i regionen vår, der mangelen på arbeidskraft er velkjend. Ei viktig oppgåve for USN er å bidra til å utvikla den kompetansen som er etterspurt.

Barstad seier flyktningar står i fare for å stå utanfor samfunns- og arbeidslivet. Det er ei utfordring både for den enkelte, og for dei kommunane som har teke mot flyktningar. Mange flyktningar har kompetanse som ikkje blir tatt i bruk, delvis på grunn av språkproblem, men og fordi norsk arbeidsliv fungerer annleis enn det landet dei flykta ifrå. Me søkjer å legge til rette, gjennom skreddarsaum, kurs og studium. Slik kan me bidra til at fleire som kjem som flyktningar i vårt land kan tileigne seg dei kvalifikasjonar som trengst i arbeidslivet. 

Meir informasjon om kurset finn du her

Fakta:

  • Tilbodet har komme til gjennom samarbeidet USN har med NAV Vestfold og Telemark, NAV Vest-Viken og Karrieresentera i regionen vår.
  • Der finst det ei eiga arbeidsgruppe som jobbar med felles tiltak retta mot flyktningar med kollektivt vern.
  • Tilbodet tek form av eit nettbasert innføringskurs i norsk økonomi, med mål om å gje økonomiutdanna flyktningar kunnskap om og innsikt i kva som er særskilde forhold og reglar innan norsk økonomi.
  • I tillegg har kurset fokus på norske ord og omgrep innan økonomifeltet.
  • Kurset både startar og sluttar med karrierevegleiing, med spesiell merksemd rundt kva som skal til for å lykkast med å få seg jobb innanfor økonomibransjen i Noreg. 
  • Kurstilbodet blir finansiert av studieplassar som var tildelt USN av Kunnskapsdepartementet våren 2022, i kjølvatnet av Russland sin invasjon av Ukraina.
  • Sjølv om samlege av deltakarane som går på kurset no er frå Ukraina, er dette eit tilbod ope for alle nykomne flyktningar, uavhengig av heimland.
  • Kravet for å få plass er ei økonomiutdanning frå heimlandet på minimum 3 år, i tillegg til norsk-kunnskapar tilsvarande på B1 nivå.