Nye eksterne styremedlemmar til USN

Bilde av styreleder Tore Isaksen
HELD fram: Tore Isaksen skal leie USN-styret også dei neste fire åra. (Arkivfoto: An-Magritt Larsen / USN)

Tore Isaksen held fram som styreleiar for Universitetet i Søraust-Noreg, men styret får to nye eksterne medlemmar.

Ti universitet og høgskular skal ha nye styre frå 1. august. Universitetet i Søraust-Noreg (USN) er blant dei, og no har Kunnskapsdepartementet (KD) utnemnt dei eksterne styremedlemmane.  

Både styreleiar Tore Isaksen og styremedlem Mogens Rysholt Poulsen held fram, og det gjer også dei to eksterne varamedlemmane. To nye kvinner trer derimot inn i USN-styret som faste eksterne medlemmar. 

Desse er dagleg leiar Torun Degnes i DEDINU og avdelingsdirektør Marit Sagen Gogstad i Nav arbeid og helse, Vestfold og Telemark. 

Eksterne medlemmar utnemnde av KD

  • Leiar: Tore Isaksen (1959, Bærum), kommunedirektør i Ringerike kommune
  • Torun Degnes (1971, Moss), daglig leiar i DEDINU (Ny)
  • Marit Sagen Gogstad (1972, Sandefjord), avdelingsdirektør for Nav arbeid og helse i Vestfold og Telemark (Ny)
  • Mogens Rysholt Paulssen (1963, Aalborg), dekan ved Universitetet i Ålborg

Vara:

  • Javad-ul-Mutayyab Mushtaq (1988, Oslo), CEO i JM Ventures
  • Anniken Tangerud (1975, Kongsberg), seniorrådgivar i ItumX


Dei nye styremedlemmane er utnemnde for perioden 1. august 2023 til 31. juli. 2027. USN-styret møtest for første gong etter sommaren 14. og 15. september til styreseminar og styremøte.

Styret er det øvste avgjerdsorganet til universitetet og har ansvar for strategisk verksemd og drift. Det har elleve medlemmar av eksterne, tilsette og studentrepresentantar.

Styrerepresentantar for tilsette

Det er også tidlegare valt nye styremedlemmar blant dei tilsette på USN. 

Dette er dei nye tilsettrepresentantane i USN-styret, presentert i alfabetisk rekkjefølgje: 

Fra gruppa undervisnings- og forskarstillingar

Vara:

  1. Helle K. Falkenberg
  2. Tony Burner
  3. Tor Erik Jensen
  4. Merethe Roos
     

 

Frå gruppa administrativt og teknisk tilsette

Vara:

  1. Øyvind Reidar Bakke Reier

Styrerepresentantar for studentane

 

  • Natalia Aleksandra Marczynska
  • Victor Grunde Simonsen 

Vara:

  1. Rose Jahanfarah
  2. Reidar Emil Skoglund-Jørgensen

0 Kommentarer

Du må logge på for å kunne kommentere.

Fornøgd statsråd

Kunnskapsdepartementet utnemnde 29. juni nye styremedlemmar for 10 av dei 21 universiteta i landet og høgskular. For USN med tilsett rektor har departementet utnemnt styreleiar og tre styremedlemmar. 

– I dag har vi utnemnt svært kompetente styremedlemmar for om lag halvparten av dei statlege universiteta og høgskulane. Eg ser fram til å følgje arbeidet deira i perioden som kjem, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).