Nærare 350 sjukepleiarstudentar er uteksaminert frå USN

AVSLUTNING: Alle campusane har hatt si eiga avslutning for studentane. Den siste av dei var i Porsgrunn.
ROSEKØ: Alle studentane vart rop opp og fekk ein blome av programkoordinator Ingvild E. Svendsen.
MUSIKK: Alf Høines (f.v.), Thea Grant og Magnus Skaug spela og sang for dei nye sjukepleiarane.
BILETE: Mange nytta anledningen til å ta eit bilete saman i bunad. Her er nokre av studentane.
TALE: Instituttleiar Nina Blegen haldt tale til studentane.
FOREVIGA: Alle studentane er samla til felles fotografering i Glassgata i Porsgrunn.

Sjukepleiarstudentane som starta pandemihausten 2020 er no uteksaminert. Under vitnemålsutdelinga hausta dei mykje ros og lovord frå lærarar, sensorar og praksisplassar.

Denne våren har 347 nye sjukepleiarar fått vitnemål frå USN. 100 av dei har studert på campus Porsgrunn, og på avslutninga for studentar og familie hausta dei mykje skryt.

– Det er stort behov for sjukepleiarar ute i helsetenestene våre. Som kandidatane sjølv seier; det er lett å få jobb. Det som blir viktig no er at dei nye sjukepleiarane våre, og andre kandidatar, får ein god start på arbeidslivet og høve til å byggje på kompetansen sin ettersom arbeidsoppgåvene utviklar seg. Eg både håpar og reknar med å sjå mange av kandidatane tilbake her på USN om nokre år, seier Pia Cecilie Bing-Jonsson som er dekan på Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Har allereie sikra seg jobb

Ava Marlene Gjerpe Lüdke og Rune Wersland har, saman med Veronika Backlund Valle, vore tillitsvalde for kullet som no er uteksaminert i Porsgrunn. Lüdke og Wersland har vore tillitsvalde sidan det andre året, medan Valle har vore det sidan det første året. Som tillitsvalde har dei hatt ansvaret for å vere bindeleddet mellom studentane, emneansvarlege og leiinga. Lüdke og Wersland ser tilbake på tre lærerike år, med ein litt annan start enn planlagt.

– Covid-kullet har vore litt annleis. Vi er det første kullet som har hatt halvvegs nettstudium, seier Wersland.

Portrett av Ava Marlene Gjerpe Lüdke og Rune Wersland som ser i kamera, kledd i bunad og dress

Trass i den krevjande starten har studentane klart å byggje eit bra studiemiljø for kullet sitt. Lüdke og Wersland trekkjer fram programkoordinator Ingvild Elisabeth Svendsen, som arrangerte fest for at studentane skulle bli kjent med kvarandre.

Sjukepleie blir ofte trekt fram i media som eit hardt yrke med stort arbeidspress og fråfall. Dei har ikkje late seg skremme av det.

– Vi har ikkje tenkt så mykje på det. Vi blir ikkje arbeidsledige, i alle fall, seier Lüdke.

– Det er mange lyse sider òg. Vi har gått ein veg der vi veit at den einaste grunnen til at vi blir ledige, er viss vi ikkje vil jobbe, seier Wersland.

Dei har begge sikra seg jobb allereie. Lüdke går til Sykehuset Telemark, men ser ikkje bort frå vidare studiar. Wersland går startar i den private omsorgstenesta Aberia.

– De er beredskapskullet

Under seremonien i auditoriet Vessia på campus Porsgrunn fekk dei ferdige studentane overlevert helsingar og lykkeønskninger frå lærarane sine, frå sensorar og frå praksisstader.

– Koronakullet, vart de kalla. Det hadde ein negativ klang, som om de liksom ikkje skulle bli ordentlege sjukepleiarar. Vi, og de, hadde alle føresetnader for å klare det vi skulle. De har erfart kva det vil seie å vere i beredskap. De er beredskapskullet. De veit meir enn nokre andre korleis det er å arbeide under høgt press og under store forventningar, sa Nina Elisabeth Blegen, leiar for Institutt for sjukepleie- og helsevitskap, i talen sin til studentane.

Til stor applaus fekk dei også vite at alle hadde bestått siste eksamen.

Berg-og-dalbane av kjensler

Tillitsvald Veronika Backlund Valle heldt tale på vegner av studentane.

– Eg er så utruleg stolt av alle som sit her i dag. Det har vore ein berg-og-dal-bane av kjensler. Vi har delt glede, vi har vore nervøse, men vi har også hatt jubelhopp saman. Alle her har kjent på kroppen det yrket vi går inn i. Og høyrer eg "koronakull" ein gong til, så veit eg ikkje kva eg skal seie, sa Valle.

– Takk til lærarane våre, takk til Google, Store norske leksikon og alle bibliotekarane. Og så må vi sende ein takk til Red bull, Monster, Loco og alle former for koffeinhaldig drikke, sa Valle til latter frå salen.

Programkoordinator Ingvild Elisabeth Svendsen og student Veronika Valle står bak en talerstol med mikrofon

Valle hadde ei siste oppmoding til medstudentane sine før dei no skal ut i yrkeslivet:

– Ver stolt, for no er du faktisk sjukepleiar. Ver undrande, og ikkje redd for å spørje. Ikkje ver redd for å vise kunnskapen din og stå på ditt. Ver rause med kvarandre. Og gjer ditt beste. Vi må tore å vere nye. Vi skal ikkje kunne alt, for det er no vi byrjar.

Bachelor i sjukepleie

  • Blir tilbode ved campusane Vestfold, Drammen og Porsgrunn
  • Fleksibel deltidsutdanning blir tilboden i Torpmoen og Ål (Viken) og Notodden (Telemark)
  • Totalt 550 studieplassar inkludert fleksibel deltidsutdanning
  • 917 søkjarar til hausten 2023
  • 347 sjukepleierar fekk sitt vitnemål denne våren