Brukar KI for å få bukt med lysforureining

Småbruk i skogen med sparsom utebelysning. Foto
TILPASSA NYE KRAV: Løysinga kan erstatte dagens lysrelémodul som mange bustader og hytter bruker for å skru på utelyset om natta. Biletet viser ein prototype av systemet, som professor Nils-Olav Skeie har installert på småbruket sitt i Ringsaker kommune. Systemet innfrir alle nye reglar/krav som mange norske kommunar har innført om avgrensing av lysforureining. (Foto: Privat) Kopirett: Nils-Olav Skeie

USN-professor utviklar eit kunstig intelligent system for å kontrollere utelys. Målet er å ersatte lysrelea som er i bruk for å regulere lyset på dagens hytter og bustader.

USN ønskjer å stimulere til at fleire tilsette realiserer eigne idear og forskingsresultat slik at samfunnet kan dra nytte av løysingane.

Idékonkurransen vår er éin av aktivitetane som underbyggjer dette, og i år var fjerde gong prisen vart delt ut. 

Autonomt

Vinnaren i år er professor Nils Olav Skeie, som gjekk av med sigeren med løysinga «Reducing light pollution with a novel light control system» (NLCARE).

Nils Olav Skeie poserer med diplom fra USNs idékonkurranse 2023. Foto

I korte trekk er vinnerideen eit nytt, åleineståande, autonomt system for å kontrollere utelys som kan føre til mindre lysforureining utan at det går ut over brukarane.

Skeie har allereie laga ein prototype av denne løysinga, og får no 100 000 kroner til å vidareutvikle forretningsideen.

Tilpassa nye reglar/krav

Løysinga kan erstatte dagens lysrelemodul som mange bustader og hytter bruker for å skru på utelyset om natta.

Biletet til venstre viser innsida av systemet med straumforsyning, trykt kretskort med Arduino-mikrokontroller som køyrer programvare, lysbrytar og sensorar. Biletet til høgre viser systemet montert på utsida av veggen med 220V lyskjelde. To dimbare LED-striper er også installert med systemet, men ikkje vist på dette biletet.

Mange kommunar har innførte reglar for å avgrense lysforureininga. Skeie bur sjølv i Ringsaker kommune, ein Noregs største hyttekommunar. Då dei i 2021 innførte reglar for å avgrense lysforureininga på eit nytt hytteområde, fekk han ideen om å lage ei eining med automatikk som tek omsyn til desse reglane.

Skeie presiserer at norske kommunar som har innført reglar/krav om å avgrense lysforureininga kan automatisk få desse oppfylt med bruk NLCARE-eininga.

Samfunnsproblem

Lysforureining har vorte eit stort samfunnsproblem, ikkje berre i Noreg, men i heile verda.

Nils-Olav Skeie posererer med diplomet ved siden av Pia Cecilie Bing-Jonsson

NLCARE-systemet inkluderer kunstig intelligens (AI) for å minimalisere lysforureininga basert på informasjon frå sensorane, brukarane og lokalt regelverk.

NCLARE bruker berre éin lys og rørslesensor for å avgrense bruken av utelyset til i hovudsak til kveld og morgon. Resten av natta blir lyset berre brukt om det kjem utslag frå rørslesensoren.

– Mange menneske kjenner seg tryggare med utelyset tent på kvelden, så NLCARE vil også kunne gi mange ei tryggleikskjensle ved at utelyset er på ein viss periode på kvelden utan noko menneskeleg rørsle i nærområdet, legg Skeie til.

Under stjernene

For ein del år sidan arva Skeie eit småbruk i Ringsaker kommune, noko som vart utslagsgivande for ideen hans:

– Livet på småbruket har lært meg å setje meir og meir pris på skikkeleg mørke og stjernehimmel. Og eg vart meir klar over lysforureining, og korleis ukritisk bruk av utelys øydelegg nattemørket og går ut over balansen i naturen, seier Skeie.

Dette vart tydeleg eksemplifisert for han då pæra i utelyset rauk: Behaldaren var full av døde insekt som hadde vorte tiltrekt av det kunstige lyset. 

«Gode føresetnader for å lykkast»

Alle ideane i konkurransen vart vurderte av ein jury beståande av Irene Siljan (Linkedin) frå Innovasjon Norge, Tormod Moldestad (Linkedin) frå inkubator Kobben, USNs viserektor Kristian Bogen og Maaike Dooper frå USNs eining for kommersialisering og innovasjon (KOIN).

I alt vurdert juryen Skeies idé som nyskapande, berekraftig og med gode føresetnader for å lykkast.

Juryen la mellom anna vekt på lysforureining er eit samfunnsproblem som det har vore retta fokus mot den siste tida. Vidare meinte juryen at Skeie har komme langt i utviklingsløpet ved å allereie ha utvikla ein prototype.

 

USN idékonkurranse 2023

Idékonkurransen blir arrangert av USNs nye eining for kommersialisering og innovasjon (KOIN). Eininga har som mandat å jobbe med kommersialisering av forsking ved USN. 

Vinnar: professor Nils Olav Skeie
Idé: Reducing light pollution with a novel light control system (NLCARE). NLCARE er eit nytt, åleineståande, autonomt system for å kontrollere kunngjer som kan føre til mindre lysforureining utan at det går ut over brukarane.