Blodklubb à la Rauland

Tuva Syvertsen danser på ei scene med Vintefestivalen på Rauland sin logo i bakgrunnen. Foto
GJENGANGAR: Tuva Syvertsen er ofte å sjå på Vinterfestivalen på Rauland. I fjor sto ho på scena med Valkyrien Allstars og i år var ho berre sterkt til stades. Her dansar ho med Birgit Haukås (t.h.), framadstormande speljente og tidligare masterstudent på USN Rauland, og bak dei dansar Åste Våle, som gjekk til topps i Vinterkappleiken i kategorien Halling for juniorutøvarar. (Foto: Knut Jul Meland) Kopirett: USN
kvinne i bunad spiller hardingfele på ei scene. Foto
STUDENTKONSERT: Folkemusikkstudentar på både bachelor- og masternivå fekk skine frå scena. (Foto: Knut Jul Meland) Kopirett: USN
Fem personar poserer med treski dei har lag asjøl.
SKIMAKING: Gjennom fem dagar leverte Tarjei Gjelstad skimakingskurs under festivalen. Deltakarane lagde sine eigne, personleg tilpassa treski. (Foto: Knut Utler) Kopirett USN Kopirett: USN
Dansekonsert med tre av Noregs beste munnharpistar: (f.v.) Kenneth Lien, Thov Wetterhus og Anders Røine. Foto
MUNNHARPETRIO: Dansekonsert med tre av Noregs beste munnharpistar: (f.v.) Kenneth Lien, Thov Wetterhus og Anders Røine. (Foto: Knut Jul Meland)
STUDENTUTSTILLING: Studentanes eksamensoppgåver var mellom anna stilt ut under festivalen. Her frå trearbeid verkstedfag, ser du tolkinger av ein krakk opphaveleg laga av Peter Galbert. (Foto: Knut Jul Meland) Kopirett: USN
Konsert med studentane på bachelor og master i folkemusikk. Foto
STUDENTAR: Konsert med studentane på bachelor og master i folkemusikk. (Foto: Knut Utler) Kopirett: USN
Per Anders og Ingvill Marit og Buen Garnås. Foto
FESTKONSERT MED BAUTASTEINAR: Syskenparet Per Anders og Ingvill Marit og Buen Garnås har vunne Landskappleiken høvesvis tri og fem gonger; Ingvill som kvedar og Per Anders som hardingfelespelar. (Foto: Knut Utler) Kopirett: USN
USN
ROSING: Spelemann og felemakar Ottar Kåsa tilbaud ei innføring i felerosing. Kursdeltakarane brukte tusj og pennesplittar på papir. (Foto: Knut Utler) Kopirett: USN
Lars-Erik Øygarden speler hardingfele. Foto
MYLLARGUTENS LØNSJKONSERT: Lars Erik Øygarden er fødd og oppvaksen på Rauland og har eit stort repertoar av gode historiar som høyrer til slåttane. På bilete brukar han ei hardingfele bygd av Erik Johnsen Helland i 1863 og som heilt sikkert har tilhøyrt Torgeir Augundsson, betre kjend som Myllarguten, ein av Noregs mest kjende hardingfelespelarar gjennom tidene. (Foto: Knut Jul Meland) Kopirett: USN
GJENGANGAR: Tuva Syvertsen er ofte å sjå på Vinterfestivalen på Rauland. I fjor på scena med Valkyrien Allstars og i år berre sterkt til stades. Her er ho flankert av Birgit Haukås (t.v.), framadstormande speljente og tidligare masterstudent på USN Rauland, og dansar Åste Våle, som vann gjekk til topps i Vinterkappleiken i kategorien Halling for juniorutøvarar. (Foto: Knut Jul Meland) Kopirett: USN

– Kokheite dansegolv, myldrande aktivitetar og utøvarar på toppnivå. Vinterfestivalen på Rauland er den optimale staden for folk som er opptekne av tradisjonskunst, seier frontfigur i Valkyrien Allstars, Tuva Syvertsen, som står bak det folkemusikalske nattklubbkonseptet «Tuvas Blodklubb».

– Det er noko spesielt med Vinterfestivalen på Rauland og Vinterkappleiken; ei stemning du berre ikkje finn nokon andre stader. Og så er det så veldig mange topputøvarar som kjem hit for å spele, danse og hengje ut. Samtidig er dette også arenaen til dei unge; her tyt det jo over av talentfulle studentar og yngre utøvarar, seier Tuva Syvertsen.

 

Episenter på «Løkka»

Som frontfigur i bandet Valkyrien Allstars, har Tuva i over 20 år, og med stor suksess, levert rock, rotfesta i tradisjonell folkemusikk.

Men no har det heile teke ei ny og spennande vending: Gjennom etableringa av nattklubben Tuvas blodklubb - scene for folkemusikk og folkedans (riksscenen.no), som held jamnlege arrangement på Riksscenen på Grünerløkka, har ho lukkast revitalisere utelivsscena i hovudstaden.

Blodklubben har vekkje til live ein stor, veksande, svært dansevillig og tilsynelatande umetteleg publikumsmasse for folkemusikalske dansekonsertar:

Sidan godt før jul i fjor har publikumskapasiteten på 500 personar vore nådd kvar gong dei opner dørane. 

Dei unge sin tur

Tuva understrekar konseptet til nattklubben: at alt skal kvile på premissa til folkemusikken og folkedansen.

– Her på Rauland er det ikkje noko problem. Vi er midt i Telemark, liksom. I Oslo er det på ein annan måte, og ikkje alt er like sjølvsagt for alle, men likevel: Vi har fullt hus kvar gong, og alle dansar. Sjølv dei som ikkje kan danse, seier ho.

Mange etablerte og høgt renommerte utøvarar, både kjende og ukjende, har kravla opp på Blodklubb-scena, men no fortel Tuva at det er på tide å sleppe fleire av dei unge til:

– I folkemusikkmiljøet i Noreg ser eg no at det er veldig mange unge som gjer veldig mykje ut av seg, særleg på den tradisjonelle scena. Tilfanget på talent er stort, og det er ein veldig bra vekst. Det ber Vinterfestivalen på Rauland klart vitne om, seier Tuva.

– Det vi driv med er kult

Festivalsjef og instituttleiar på USNs campus i Rauland, Stian Roland, er ikkje direkte overraska over å sjå folkemusikkbølgjen som skyl over landet.

– Det vi driv med her på campus Rauland er kult, og det funkar. Det er difor det har overlevd i fleire hundre år. Det er klart Tuva treff så det ljomar med innpakninga si, men det er fortsatt det rå og det reine – det som ligg til grunn – som er det kule med folkemusikken og folkedansen, og det som får det til å funke, også i dag, seier han.

LES ÒG: Lars-Ingar Meyer Fjeld: – Vinterfestivalen på Rauland er den kuleste tingen

At folkekunsten lev vidare og blir tatt i bruk i nye rammeverk er heilt sjølvsagt for festivalsjefen, men han legg til:

– Alt vi gjer på USN Rauland gjer vi på premissa til folkekunsten. Vi trur på det vi driv med og på at det er godt nok. Difor treng vi ikkje etterape andre sjangrar. Vi lèt oss gjerne inspirere, det er ein heilt anna sak, men speleregla må vi eige sjølv, seier Stian.

Dans, dans, dans

Festivalprogrammet i år var som alltid tettpakka og både rikt og mangfaldig, og Vinterkappleiken hadde rekordpåmelding. Likevel stod dansen i høgsetet, som Vest-Telemark Blad skreiv.

Forutan ein mengd dansekonsertar og fleire dansekurs, vart det framsyning av godbitar frå dansearkivet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans, og som ein rosin i pølsa vart den kritikarroste danseframsyninga Óme, med Silje Onstad Hålien og Sivert Andreas Holmen, sett opp i Vinjesalen på campus.

Silje Onstad Hålien holdt òg ein danseverkstad på festivalen og blir ofte å sjå på Rauland frå hausten 2024, sidan ho er blant undervisarane på vår nye Bachelor i folkedans.

– Det passa jo ekstra bra at vi fekk feira dansen litt ekstra i år sidan vi til hausten for første gong kan ta opp studentar til bachelorutdanning i folkedans, seier instituttleiaren.

LES MEIR: Oppretter bachelor i folkedans - Universitetet i Sørøst-Norge (usn.no)

folkemusikar Sivert Holmen og dansekunstnar Silje Onstad Hålien på scena med forestillinga Òme. Foto

Heimebane 

– Vinterfestivalen på Rauland er heimebane. Her finn eg essensen av folkemusikken, nemleg utveksling av kunnskap, og ikke berre på det musikalske planet. Her treffast folk og blir vener både personleg og musikalsk. Alle lyttar til kvarandre og nyt av gjensidig respekt. Det er fullstendig vakkert, seier Mattias Thedens.

Han er blitt eit av fjesa som fronter den nye folkemusikkbølgjen. Han er A-klasseutøver på hardingfele og frontfigur i bandet Gangar, som finn inspirasjon hos legender innan rock og metal, men òg frå historiske opptak av norsk folkemusikk, som dei finn i Norsk senter for folkemusikk og folkedans sine arkiv.

Mattias Thedensi Vinjesalen på campus Rauland. Foto

Mattias var bland dei mange topputøvarane som deltok i den årvisse Vinterkappleien, og hamna på respektabel femteplass (16 deltakarar) med en poengsum over den magiske 75-poenggrensa. 

Trollklubb

Årets vinterfestival vart avslutta med ein annan av dei verkelig store artistane som frontar den nye folkemusikkbølgja som slår ut frå Tuvas episenter på Grünerløkka: spelemann og mystikar Kenneth Lien, som leverte eit klubbkonsept saman med Center of the Universe (DJ Sissyfus).

Kenneth Lien. Foto

– Eg elskar å komme hit til Rauland; gjenoppleve mange gode minne frå tidlegare festivalar og samstundes få lov til å skape nye. Vinterfestivalen er ein stad der du får høyre ny musikk basert på folkemusikken, i tillegg til det reine tradisjonelle utrykket, seier Lien.

Han innrømmer at han misunner dei som går på instrumentmaking på USN Rauland:

– Eg lengtar sårt og djupt etter å lage fleire instrument og skulle ønske eg kunne studert her sjølv, men det er vanskeleg å klemme inn akkurat no som eg gjer karriere med musikken, seier han.

– Kva kan vi vente oss frå deg framover?

Eg skal halde fram med å leike og eksperimentere med instrumentkombinasjonar blanda med elektroniske lydar og prøve å ta det så langt eg kan i alle retningar, tenkjer eg, seier han.

Tidlegare på kvelden spelte Lien òg til dans på munnharpe saman med USN-undervisar Anders Røine og Thov Wetterhussom, som vann årets Vinterkappleik i kategorien eldre folkemusikkinstrument. Alle tre utøvarane er blant dei beste munnharpistane i landet.

Vinterfestivalen på Rauland 2024

Festivalen er eit samarbeid mellom Universitetet i Søraust-Noreg (USN), Folkemusikkscena på Rauland og Raulandsakademiet. Fanitullen Vinterfestivalen