1700 lærarar på skulebenken

32 ULIKE VERKSTADER: Verkstaden «Tenkjande klasserom i mattematikk» var ein av mange økter lærarane kunne delteke på.
32 ULIKE VERKSTADER: Verkstaden «Tenkjande klasserom i mattematikk» var ein av mange økter lærarane kunne delteke på.

Over to dagar deltek lærarar og skuleleiarar frå 57 skular i Grenlandsregionen på den største konferansen USN arrangerer.

I 2023 gjennomfører Universitetet i Søraust-Noreg den tredje Grenlandskonferansen i samarbeid med kommunane Bamble, Drangedal, Kragerø, Porsgrunn, Siljan og Skien. 

Grenlandskonferansen er ein del av arbeidet til skulane med å jobba som ein lærande organisasjon. Inntil 1700 lærarar deltek over to dagar. USN tek i bruk eigne lokale på campus, i tillegg til Du Verden, Vitensenteret og Porsgrunn kulturskule. Lærarstudentane på campus var vertar og viste deltakerane veg i jungelen av rom og aktivitetar.

Øktene på konferansedagen blir kalla verkstader (workshop). Verkstadene varer 2,5 timar og blir leia av ein verkstadsleiar. Deltakarane vel sjølve kva for ein av dei 32 verkstadene dei vil delta på for å utvikla seg. Kvart tema er ei praktisk/teoretisk økt om verdiar, prinsipp eller fagleg kompetanse i LK20 (fagfornyinga).

GODT MED INNPUTT: Dei tre lokale lærarane Ørjan (f.v.), Lars Rune og Geir deltok på verkstaden «Lesing, skriving og muntlegheit».

LES OGSÅ: – Vi blir bedre forberedt på lærerjobben 

Godt å få innputt

Tre lokale lærarar syntest det var godt å vera tilbake.

– Alle deltek på Grenlandskonferansen annakvart år. Du får fagleg påfyll og vel utifrå eiga interesse. Det er godt å ha ein møteplass der ein kan å få innputt framfor heile tida å gi outputt, seier lærarane Ørjan (f.v.), Lars Rune og Geir frå Langesund og Tveten skule. Dei deltok på verkstaden «Lesing, skriving og muntlegheit på mellomtrinnet» før lunsj og var klar for ein ny bolk etter lunsj.

Grenlandskonferansen skal både gi deltakarane  kunnskap og øva ferdigheiter. Innhald i verkstader er eksempelvis tverrfagleg jobbing med å laga vasshjul, introduksjon til programmering, vurdering i praksis med elevmedverknad, musisk matematikk, ukulelespel, framovermeldingar på elevtekstar med meir.

Konferanseposten «Den viktige samtalen - å snakka med barn og unge» trekte flest lærarar begge dagane. Nærare 500 deltok på denne verkstaden som vart leidd av RVTS= ressurssenter for vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Sør).

LES OGSÅ: Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

FERSKE: Stine Soltvedt (t.v.) og Marthe Styrvold deltok på Grenlandskonferansen for første gong.

Nye læringsstrategiar

Stine (t.v.) og Marthe var ferdig utdanna lærarar våren 2023, no er dei kontaktlærarar på høvesvis Tveten og Myrene skule. Dei hadde akkurat delteke på verkstaden «Tenkjande klasserom i matematikk» i regi av universitetslektor Aud Kjæret.

 – Her får vi nye innblikk og nye strategiar for å få elevane til å delta i matteundervisninga. Det var veldig interessant og engasjerande, fortel dei to som begge har master i matematikk. Etter lunsj skal dei ferske lærarane på verkstaden «Kunstig intelligens og maskinlæring i skulen». Tematikken er også ny for skulen, og det er nyttig å få idear til korleis dei kan bruka det i klasserommet.

Dette er tredje gongen USN arrangerer Grenlandskonferansen. Dag 1 deltok lærarar frå Porsgrunn, Kragerø og Bamble kommune. Dag 2 deltek lærarar frå Drangedal, Siljan og Skien kommune.

Konferansen har også eit forarbeid og eit etterarbeid i skulane, for å sikra utvikling innan kvalitet og kompetanse.

– Hele Noreg har utfordringar knytt til å etablera partnarskap mellom grunnskulesystemet og universitetssystemet som sikrar ønskt kompetanseutvikling i skulen. Her er løysinga vår, og ho fungerer. Grenlandskonferansen hjelper skulane til å ramma inn dei områda som skal forsterkast og utviklast, seier Anne Liv Kaarstad Lie, leiar for Grenlandskonferansen og førstelektor i pedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg.

STINN BRAKKE: Mange deltakarar deltok på økta «Den viktige samtalen - å snakka med barn og unge» i regi av RVTS= ressurssenter for vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Sør).