Ei lang rekkje nyutdanna doktorar ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) vart feira med ein høgtideleg seremoni for doktorkreering (doktorforfremjing) på campus Bø torsdag 27. april.
SJÅ OPPTAK FRÅ SEREMONIEN: Doktorkreeringsermoni USN 2023 on Vimeo
Dei totalt 36 nyslåtte doktorane fullførte alle i løpet av 2022 den høgste akademiske utdanninga ved USN: Doktorgradsutdanning (usn.no)
LES OGSÅ: Doktorkreering - Universitetet i Sørøst-Norge (usn.no)
Doktorkreeringsseremonien har røter i ein fleire hundre år gammal universitetstradisjon og markerer overgangen frå doktorand til kreert doktor, som blir institusjonalisert gjennom tildelinga av doktordiplomet.
Kreeringsseremonien er ein høgtidsdag der rektor, viserektorar og dekanar ber kappe som symboliserer vyrdnad.
Doktorkreering blir halden årleg ved USN etter gjeninnføringa for fire år sidan. Arrangementet vekslar mellom Kongsberg musikkteater (campus Kongsberg), Bakkenteigen kulturhus (campus Vestfold) og Gullbring konsertsal (campus Bø).
LES OGSÅ: USN innfører seremoni for doktorkreering
– Autoritet og tyngd
Rektor Petter Aasen leidde prosesjonen i Gullbring konsertsal til Fanfare frå La Peri av Paul Dukas (1865–1935) ved Telemark Messingkvintett.
– Doktorgrada di vil gi autoritet og tyngd til synspunkta du formidlar. Eg forventar at du forvaltar denne kunnskapen og autoriteten på ein klok måte til fellesskapets beste. Demokratiet vårt blir styrkt av opplyste diskusjonar. Kunnskap kan inspirere og utfordre. Det kan endre haldningar, måten å tenkje på, arbeidslivet og samfunnet, sa rektor Petter Aasen til doktorane.
LES HEILE TALEN (ENGELSK): Rector’s address to new doctors and doctor honoris causa (usn.no)
– Hardt arbeid og ein solid laginnsats
Under doktorkreeringa talte Karianne Nyheim Stray på vegne av dei nye doktorane.
– Det er viktig å ha ein tankegang om å vere god nok – at du er god nok. Og alle som står her i dag, vi var gode nok. Vi sprang distansen, overvann hindringane på vegen og kryssa målstreken takka vere hardt arbeid og ein solid laginnsats. Og det er verd å feire, sa ho.
Stray har gjennomført ein såkalla offentleg sektor-ph.d., altså eit doktorgradsprosjekt i offentleg verksemd, nærare bestemt Nav, i doktorgradsprogrammet person-orientert helsearbeid ved USN. Avhandlinga hennar handler om NAVs arbeid med å følgje opp sjukmeldte arbeidstakarar.
LES MEIR OM KV HO FANN UT: NAV-ansatte kjenner på et stort ansvar for velferdsstaten (usn.no)
Den aller første
I år utnemnde også USN sin aller første æresdoktor: Dr. Denis Mukwege. Ein æresdoktor har ikkje gjennomført eit vanleg studieløp med avhandling og vitskaplege publikasjonar, men blir tildelt tittelen som ei form for heider og anerkjenning.
LES OGSÅ: Dr. Denis Mukwege utnemnt til æresdoktor (usn.no)
Dessverre tillét ikkje den spente situasjonen i D.R. Kongo at Dr. Mukwege kunne vere til stades under kreeringsseremonien, men han håpar situasjonen i heimlandet tillèt at han kan vere til stades under neste års arrangement.
Dr. Mukwege skriv til USN at han audmjukt takkar for og aksepterer utnemninga. Han ser den som eit teikn på støtte til dei som har overlevd seksualisert vald, for fred og ei anerkjenning av arbeidet ved Panzi Hospital.
Dr. Mukwege har over tid hatt eit fagleg samarbeid med forskingsgruppa BioMEMS ved Institutt for mikrosystem om diagnostisk teknologi og diagnostiske testar for ulike sjukdommar, og med jordmordmiljøet ved Institutt for sjukepleie og helsevitskap om reproduktiv kvinnehelse.