Institutt for språk og litteratur

Instituttet famnar språka norsk, engelsk og spansk og fagfelta litteratur, kultur, lingvistikk og ikkje minst korleis ein lærer språk og underviser i språk, altså pedagogikk og didaktikk. 

Vi har fokus på å utvikle dei utdanningane som er mest interessante, som har den mest innovative forskinga bak seg og som gjev studentane våre dei beste tilhøva på arbeidsmarknaden i framtida. 

Våre studium

Instituttet har eigne bachelorprogram innan språk og litteratur. Vi har årsstudium i engelsk, norsk og spansk, på campus og på nett, heiltid og deltid. Desse kan alle inngå som element i bachelorstudiet. Vi tilbyr òg eit årsstudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar, ein lektorutdanning i norsk og ein masterutdanning i norskdidaktikk.

Instituttet er òg ein viktig bidragsytar inn i profesjonsutdanningane; grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning, og vi har omfattande aktivitet innan etter- og vidareutdanning. 

Sist, men ikkje minst, har vi forfattarstudiet vårt, der det skapande forfattararbeidet står sentralt, og der du òg får innsikt i litteraturteori og dei praktiske sidane ved yrket.

Forskingsgrupper

Instituttet har følgjande forskingsgrupper:

Publiseringar

keyboard_backspace Sjå våre publikasjoner i forskingsdatabasen Cristin