– EDUC går framover på eiga hand 

FRAMTIDSRETTA: – Nye oppgåver og meir utfordrande område har opna seg for oss, seier EDUC-leiar Florian Schweigert. Foto: Universitetet i Pécs

Florian Schweigert, leiar av European Digital UniverCity (EDUC), inspirerte alliansemedlemmane då dei åtte universiteta våre tok samkøyrde åretak og eit «dobbelt avspark» i Ungarn i mars.

I januar 2023 møttest medlemmar av EDUC-alliansen andlet til andlet på Jaume I Universitetet i Spania, og dette arbeidet heldt fram 6. og 7. mars i hybridformat på Universitetet i Pécs i Ungarn.

– EDUC er ein stor suksess for oss, sa rektor Attila Miseta ved Universitetet i Pécs, i sin velkomsttale som representant for vertsinstitusjonen. 

Dei to dagane handla om å snakke gjennom erfaringane til dei ulike funksjonane i EDUC, deling av deira mønsterpraksis og diskusjonar kring korleis dei kan få hjelp av organisasjonen. Medlemmane jobba også med korleis dei skulle møte IT-utfordringar  i arbeidet til alliansen.

PÅ REKTORS TRAPP: Heile den fysiske delen av hybridmøtet i Ungarn samla på trappa til rektors kontor ved Universitet i Pécs. Foto: Universitetet i PécsEit godt teikn

Alliansens koordinator, Florian Schweigert (Universitetet i Potsdam), ønskte også deltakarane velkomne. 

– Sist gong vi møttest fysisk her (i Pécs, red.anm.) var før koronavirusutbrotet. Sidan den gong har vi lagt til to nye medlemmar til alliansen vår (USN og spanske Jaume I Universitetet, red.anm.), og nye oppgåver og meir utfordrande område har opna seg for oss, sa Schweigert.

Han viste òg til ei hending ved Universitetet i Potsdam, der ein tilsett er i gong med eit EDUC-relatert prosjekt utan instruksjonar frå leiinga. 

– Eg trur ikkje vi har mista kontroll. Tvert imot, så trur eg dette er eit godt teikn. Vi har nådd eit nivå der EDUC bevegar seg framover på eiga hand og går utover det lokale nivået ved kvart universitet, sa Schweigert.

– Kast deg på

– USN arbeidar no med å få på plass både administrative og faglege ekspertar i dei ulike arbeidspakkane i allianseprosjektet og i forskingssatsinga EDUC-SHARE, og mykje står framleis att. Likevel er ingen tvil om at EDUC opnar opp for mange nye moglegheiter utover i 2023 og i åra som kjem, seier spesialrådgjevar Heidi Tovsrud Knutsen, som koordinerer USNs deltaking i alliansen.

USN opplever stor interesse frå våre alliansepartnarar for fagleg samarbeid om utdanning og forsking.

 – Det er opp til våre eigne fagmiljø å kaste seg på, seier Knutsen.

Dobbelt avspark

I løpet av dei to dagane i Pécs vart det òg halde to verkstader som markerte avsparka for to EDUC-prosjekt under leiing av University of Pécs.

Det eine handla om etableringa av eit kunnskapsinvesteringsfond, som medlemmane i dei kommande månadene først skal utforske finansieringshøve for og deretter utvikle ein innsamlingsstrategi for. 

Det andre handla om å hjelpe til i oppstarten av kommunikasjon frå og samfunnsbygging i og rundt alliansen.
spesialrådgiver Heidi Tovsrud Knutsen, som er prosjektleder for USN i EDUC, kommunikasjonsdirektør Reidun Mangrud og kommunikasjonsrådgiver Knut Jul Meland, som er Community Manager for EDUC på USN.

European Digital UniverCity

Den europeiske universitetsalliansen European Digital UniverCities (EDUC) er eit konsortiesamarbeid mellom åtte europeiske universitet, under EU-programmet European Universities Initative.

Målsetjinga med EDUC-samarbeidet er tettare, forpliktande samarbeid om felles strukturar rundt utdanning, forsking, innovasjon og digitalisering for å fremje europeiske verdiar og kvalitet i utdanningane.

Sentralt i EDUC-samarbeidet står digitalisering, samarbeid med regionar og samfunnsaktørar, og dessutan inkluderande utdanning.

EDUC vart etablert i 2019 og blir koordinert av Universitetet i Potsdam, og består elles av Paris-Nanterre, Université Rennes 1, Universitetet i Cagliari, Universitetet i Pécs, Masaryk Universitet  og Universitat Jaume 1, i tillegg til USN.

I juli 2022 fekk alliansen beskjed om at han har fått løyvd EU-midlar for å intensivere og styrke samarbeidd i fire nye år.