10. oktober markeres Verdsdagen for psykisk helse over heile verda. Denne dagen er eit godt høve til å fremje fysisk aktivitet som eit sjølvsagt tiltak i framtidas psykiske helseteneste, meiner Universitetet i Søraust-Noregs professor i idrett, fysisk aktivitet og helse, Solfrid Bratland-Sanda.
I anledning Verdsdagen for psykisk helse har ho skreve en invitera kommentar til Tidsskrift for den norske lækjarforening saman med psykiater og professor Lars Lien ved Høgskolen i Innlandet.
Deira bodskap er at fysisk aktivitet må nyttast i større grad enn det gjer i dag som del av behandling for personar med psykisk sjukdom.
– I dag er det fleire sjukehus som har utvikla eit godt tilbod om regelmessig, rettleia og tilpassa fysisk aktivitet for pasientar som mottek behandling for psykiske lidingar, og lokalt er det tilbod som gatefotball, grøn glede (golf), og treningskontakt som skal gjere barrierene litt lågare og tilhøyre og mestringa litt støre for deltaking i fysisk aktivitet, seier Bratland-Sanda.
Samfunnet treng meir fysisk aktivitet
Bratland-Sanda er klar på kva samfunnet treng framover:
– Fysisk aktivitet, både i førebygging og i behandling av psykiske helseplager, er noko tenestene kan bli mykje betre på. Me på USN kan bidra til å styrke dette gjennom våre eigne utdanningar, og gjennom forsking på tematikken, seier Bratland-Sanda.
Forskarar ved USN leiar eller deltek i ulike forskingsprosjekt på feltet, som til dømes Recovery på banen – forskning på gatelagsfotball, Trening ved schizofreni (partnar i prosjekt hjå Sjukehuset i Vestfold) og Effekt av psykoterapi og gruppebasera fysisk aktivitet på tvangstrening i behandling av eteforstyrringar (partnar i prosjekt hos Modum Bad).
– Det vil óg bety mykje at profesjonsstudentane innan helse- og sosialfag på USN kjem ut av studia sine med kunnskap om fysisk aktivitet i førebygging og behandling, og me bør gjere meir kjend at USN utdannar kandidatar som helse- og treningsfysiologar, seier Bratland-Sanda.
Ho får støtte for dette perspektivet frå professor Lena Heyn, leiar av USNs strategiske forskingsområde innan framtidas helse- og velferdstenester. Framtidas helse- og velferdstenester er eitt av fem utvalde forskningsområde ved USN som arbeider for å fremje samarbeid både internt på USN og med eksterne aktører for å løyse dei viktige samfunnsutfordringane på feltet.
– Me må førebyggje meir for å behandle mindre. Tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at me brukar meir enn 83 000 kroner per innbyggjar per år på helse, og talet på lovpålagte oppgåver til sjukehus og kommunar aukar. Tal frå 2023 viste at psykiske lidingar kostar Noreg 330 milliardar kroner årleg, så her er det viktig med førebygging og tidleg innsats. Fysisk aktivitet vil vera viktig for å fremje både fysisk, psykisk og sosial helse! seier Heyn.
LES OGSÅ: Kronikk: Bemanning og kompetanse i fremtidens helsetjenester starter med studentene
Kan skape eit betre liv for andre med fysisk aktivitet
USN utdannar helse- og treningsfysiologar, som er personar som har bachelor i idrett med ei fordjupning innan fysisk aktivitet og helse. Det er fleire tidlegare studentar frå idrettsstudiane våre som jobbar med ungdom, vaksne og eldre med psykiske helseutfordringar og alvorlege psykiske lidingar.
– Dei er spesialistar på tilretteleggjing av fysisk aktivitet, trening og idrettsaktivitetar for personar med ulike helseutfordringar. Det å jobbe tverrfagleg med andre helseprofesjonar for å skape betre liv gjennom fysisk aktivitet for desse personane, uavhengig av om det er ein idrettsaktiv 15 år gamal gut med alvorlege angstlidingar eller ein 80-åring med depresjon og einsemd, er kanskje noko av det mest meiningsfylte me kan tenkje oss, seier Bratland-Sanda.