Kva er EDUC?
Gjennom universitetsalliansen European Digital UniverCity (EDUC) inngår USNs studentar og tilsette i eit akademisk nettverk som strekkjer seg over Nord-, Sentral-, Sør- og Vest-Europa.
Medlemmane samarbeider for å sameine kunnskap og ressursar med mål om å skipe eit integrert europeisk universitet med transnasjonale campusar.
EDUC støttar saumlaus mobilitet for studentar og tilsette gjennom språkmangfald, og nyttar blanda, fysiske og virtuelle lærings- og treningsformat organisert på EDUCs sameina virtuelle campus.
EDUC er eit resultat av EUs European Universities Initiatives (EUI). EDUC var ein av dei første 17 europeiske universitetsalliansane som blei etablert i 2019. USN blei assosiert medlem av alliansen i 2022 og fullt medlem då alliansen gjekk inn i fase to med EU-finansiering i fire nye år frå og med 2023.
Nøkkeltal
- 8 universitet
- 7 land
- 200 000 studentar
- 31 000 tilsette
EDUCs fem strategiske mål:
Integrasjon av den europeiske høgare utdanningsregionen
Det europeiske digitale universitetet byggjer eit inkluderande, internasjonalt og mobilt fellesskap mellom partnaruniversitet. På den måten driv det integrasjonen av den europeiske høgare utdanningsregionen og støttar dermed Bologna-prosessen (snl.no).
Transnasjonale studiar i Europa utan hindringar
I framtida skal det vere mogleg å studere saumlaust ved alle åtte alliansepartnaruniversiteta. For å oppnå dette skal formelle hindringar for opptak vekk, studentane skal få meir fleksible og tilpassa studieplanar, og tilgangen til finansiering skal bli enklare.
Integrasjon av alle studentar og tilsette
Kontinuerlege kommunikasjons- og interaksjonsprosessar vil bli oppretta innan kvart universitet, men òg mellom dei åtte universiteta våre. Dette vil gradvis skipe vilkår for full integrasjon av alle studentar, undervisarar, forskarar og teknisk-administrativt tilsette innan og mellom partnaruniversiteta.
Fremje europeisk identitet
EDUC fremjar utvikling av europeisk identitet og spreiinga av europeiske verdiar gjennom eigna utdanningsmoglegheiter.
Stå samla i møte med utfordringane i det 21. hundreåret
Som eit aktiv europeisk fellesskap av universitetstilsette tek vi opp strukturelle og samfunnsmessige utfordringar i det 21. hundreåret saman.
Medlemmar
Aktuelt
EDUC ut i samfunnet
Samfunnsengasjement var ein raud tråd spunnen gjennom alle dei tre dagane på European Digital UniverCity (EDUC) sitt styringsgruppemøte i Drammen, Noreg, juni 2024.