Linus tilbake på campus, no for å forelese

Bilde av Linus Berglund Østerud i klasserom med studentar i bakgrunnen.
TREIVST PÅ USN: – Nærleiken til forelesarane trur eg er ein fordel på USN, kanskje samanlikna med andre handelshøgskular, seier finansanalytikar Linus Berglund Østerud. (Foto: Jan-Henrik Kulberg)

Tidlegare USN-student Linus Berglund Østerud var nyleg gjesteforelesar for tredjeår-studentar på bachelor i økonomi og leiing ved USN Handelshøgskolen.

Linus tok bachelor i økonomi og leiing på campus Kongsberg og master på NHH. No jobbar han som finansanalytiker i ODIN forvaltning, eit av Norges største aksjefondselskap.

Han starta på campus Kongsberg fordi sambuaren hans skulle bli optikar, og USN har landets einaste optikerutdanning på Kongsberg.

– Eg treivst utruleg godt på USN og campus Kongsberg. Nærleiken til forelesarane trur eg er ein fordel på USN, kanskje samanlikna med andre handelshøgskular. Det var i alle fall ein openberr forskjell frå bachelor på USN til master på NHH. Der måtte eg gjere alt sjølv.

Beste råd til studentane

Når vi spør om kva slags råd Linus ville gitt seg sjølv som student, er svaret at han burde teke litt betre notat undervegs.

– Det er veldig viktig å ta gode notat under forelesingane. Å ta gode notat har vorte veldig viktig for meg i jobben som finansanalytikar òg. Eg har kontakt med så mange selskap at det er umogleg å skulle hugse alt. Derfor lagar eg eigne notat på alle i OneNote, og noterer sjølv det som kan verke som uviktig der og då. Det kan vise seg å bli viktig seinare.

Linus har alltid vore interessert i økonomi, finans og aksjar. Men det blomstra veldig opp då han hadde finansfaga på USN. Han hugsar at det var veldig givande å ha forelesarar frå arbeidslivet.

– Då får du eit innblikk i den metodikken som blir brukt i praksis. Du kan ha lært om den metodikken på studiet, men det blir noko anna når du jobbar med det til dagleg. Eg ser jo andre ting no enn som student, og eg har ei anna forståing enn då eg var student. Det vil eg gjerne gi vidare til dagens studentar. Og så er det veldig givande å kunne snakke til dei som skal ut i jobb snart, og høyre kva som er viktig for dei, og kva dei er interesserte i.

LES ÒG: Hvor kan du studere økonomi og ledelse?

Bilde av Jon Mjølhus og Linus saman i klasserommet.

Det var førstelektor Jon Mjølhus som inviterte inn Linus som gjesteforelesar.

– Å invitere inn folk frå næringslivet som jobbar med dei faga som vi underviser i, er viktig og sentralt i undervisninga. Det gir studentane eit innblikk i at det dei lærer har ein praktisk relevans. Kanskje blir dei inspirerte òg.

– Kvifor har Linus gjort det så bra, trur du?

– Mellom anna fordi han har ei ekstrem interesse for det han driv med. Viss du har det, så blir du også lettare god. Jo vanskelegare oppgåver eg gav han, dess meir ivrig vart han på å løyse dei. Det er på den måten du lærer.